The Haunted frå Canada

(Omdirigert frå The Haunted frå Montreal)

The Haunted var eit kanadisk garasjerockband frå Montreal. Bandet vart skipa av Jurgen Peter (gitar) i 1965 og spelte inn fleire plater før dei vart oppløyste i 1971.[1] Dei vart blant dei første kanadiske banda som fekk ei viss suksess innan denne sjangeren.

The Haunted
OpphavMontreal i Quebec i Canada
Aktiv1965–1971
SjangerGarasjerock, proto-punk
PlateselskapQuality (1966)
Trans-World (1967-68)
Jet (1968)

Historie endre

I 1965 slo Jurgen Peter seg saman med Bob Burgess (vokal), Al Birmingham (sologitar), Glenn Holmes (bass) og Peter Symes (trommer) og danna The Haunted. Utanom Peter var det berre Birmingham som var konstant medlem. Bande er mest kjende for songen «1-2-5», som vart spelt inn med Birmingham (sologitar), Peter (rytmegitar), Burgess (vokal), Mason Shea (bass) og Dave Wynne (trommer).[2]

Det første gjennombrotet deira kom etter dei vann ein Battle of the Bands-konkurranse i Montreal i 1965, og slo konkurrentar som David Clayton-Thomas og The Shays. Førsteprisen var studiotid for Quality Records, som dei brukte til å spele inn dei to songane på den første singelen deira, «1-2-5» med B-sida «Eight O'Clock This Morning». Sjefane i Quality Records likte godt «1-2-5», men ville ha den originale teksten endra, så ein «rein» versjon med ny tekst vart òg spelt inn. Singelen (med «rein» tekst) kom ut på Quality tidleg i 1966. Det første opplaget av plata feilstava namnet deira som «The Hunted.»[3]

Singelen vart ein stor suksess lokalt, og fekk så eit gjennombrot nasjonalt. Songen vart òg lagt merke til i USA, der de originale «usensurerte» versjonen kom ut. Bandet spelte inn fleire singlar og eit album over dei neste to åra,[4] og populariteten deira auka. Den siste singelen deira, «Vapeur mauve» er ein franskspråkleg versjon av Jimi Hendrix sin «Purple Haze».

Bandet vart eit av dei mest etterspurtte banda i Canada i starten av 1970-åra. Då Peter valde å leggje ned bandet i 1971 hadde dei avtalar for eit år fram i tid, og måtte betale dyt for å kome ut av desse.[5]

Diskografi endre

Studioalbums endre

År Tittel Selskap
1967 The Haunted Trans-World 6701

Singlar endre

År Tittel Selskap
1966 «1-2-5» / «Eight O'Clock In The Morning» Quality 1814 (Can) / Amy 959 (USA)
1966 «I Can Only Give You Everything» / «No More Lovin'» Quality 1840
1967 «Searching For My Baby» / «A Message To Pretty» Trans-World 1674
1967 «Come On Home» / «Out Of Time» Trans-World 1682
1968 «Land Of Make Believe» / «An Act Of Leisure» Trans-World 1702
1968 «Mona» / «I'm Gonna Blow My Little Mind To Bits» Jet 4002
1968 «Vapeur mauve» (Purple Haze) / «Pourquoi» (Talk Talk) Marque XII 7001

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre