The Hollywood Years Vol. 1

The Hollywood Years Vol. 1
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 1998
Innspelt 1992 - 1998
Studio Eastgate Studios (Berlin og Wien)
Sjanger
Lengd 68:43
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Der Meteor
(1997)
The Hollywood Years Vol. 1 The Hollywood Years Vol. 2
(1998)


The Hollywood Years Vol. 1 er det 62. albumet og det 26. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i juni 1998.

Det var den første plata i det som skulle bli ein lengre serie kalla «The Hollywood Years» med musikk som var til overs etter innspelingane til Tangerine Dreams sidan 1992. Det vart berre to plater i serien.[1]

Tangerine Dream skreiv mykje musikk til filmar gjenom åra. Noko av musikken vart aldri nytta, medan noko kom med i suksessrike filmar, utan å kome ut på noko album. Denne og Vol. 2 i serien inneheld musikk komponert av Edgar Froese og sonen Jerome Froese. Songtitlane referer ikkje til titlar i filmane dei vart skrivne for.

Materialet på denne plata består berre av spor som ikkje var gjeve ut tidlegare, med unntak av «Goldhunter», som er ein remiks av «Craving For Cardomon» frå Ça Va - Ça Marche - Ça Ira Encore, og «Law Paradiso», som er identisk til «One Fine Day In Siberia» frå soloalbumet til Edgar Froese kalla Beyond the Storm. The Hollywood Years Vol. 1 kom ut på ny i 1999 med nytt plateomslag, og igjen med nytt omslag i 2009.

Innhald endre

All musikk er komponert av Edgar Froese og Jerome Froese, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Q-Time» 5:10
2.«Cat and Snowman» 3:52
3.«Goldhunter» (1998 remix) 4:52
4.«Law Paradiso» 5:06
5.«La Petite Rue Noire» 4:06
6.«Propeller Beach» 5:31
7.«Autumn in Sonoma» 3:15
8.«Chamber of Hope» 4:38
9.«The Quiet Gambler» 4:12
10.«The Principle Source» 5:20
11.«Labeo» 5:18
12.«Escape from Shadowland» 4:23
13.«Chronos Mile» 5:57
14.«J.S. Bach Sonata»Johann Sebastian Bach2:53
15.«Fairfax» 4:10

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «The Hollywood Years Vol. 1». Voices in the Net. Henta 16. juli 2020.