The Idiot

album av Iggy Pop
The Idiot
Studioalbum av Iggy Pop
Språk engelsk
Utgjeve 18. mars 1977
Innspelt Juli – august 1976
Studio Château d'Hérouville
(Hérouville i Frankrike)
Musicland Studios
(München i Tyskland)
Hansa Studio 1
(Berlin i Tyskland)
Sjanger
Lengd 38:49
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie
Iggy Pop-kronologi 
The Idiot Lust for Life
(1977)
Singlar frå The Idiot
  1. «Sister Midnight»
    Utgjeve: Februar 1977
  2. «China Girl»
    Utgjeve: Mai 1977

The Idiot er debutalbumet til rockesongaren Iggy Pop som soloartist. Det var det første av to album han gav ut i 1977 og som han skreiv og spelte inn i samarbeid med David Bowie. Sjølv om det kom ut etter Low, det første albumet i den såkalla Berlintriologien til Bowie, byrja paret å skrive og spele inn songar for The Idiot midtvegs i 1976, før Bowie starta arbeidet med sine eigne album. Bowie gav òg ut to album i 1977, som var eit særs fruktbart år for han. Slik sett er det The Idiot som uoffisielt starta Berlin-perioden til Bowie,[4] og er særleg samanlikna med Low og "Heroes" med sine elektroniske effektar, handsama instrumentlydar og innadvendte atmosfære.[5][6] Det var eit steg til sides frå hardrocken til det tidlegare bandet til Pop, The Stooges, og vert av kritikarane rekna som noko av det beste Pop har gjort, men generelt ikkje som særleg representativt for karrieren hans. Tittelen var inspirert av Dostojevskij-romanen Idioten.[7]

Produksjon endre

Opningssporet på albumet, «Sister Midnight», vart skriven av Bowie, Pop og gitaristen Carlos Alomar, og framført på Station to Station-turneen tidleg i 1976. I juli same året, mot slutten av turneen, slo Bowie og Pop seg ned i Château d'Hérouville, same stad som Bowie hadde spelt inn Pin Ups i 1973, og snart skulle spele inn mykje av Low, og byrja å setje saman resten av songane som sidan vart. Ved Château'et hadde dei med seg Laurent Thibault på bass og Michel Santageli på trommer, som fekk beskjed, utan særleg rettleiing, å legge på akkompagnement på lydbanda til Bowie. Det første forsøket deira vart ofte nytta i den endelege miksen.[7]

Innspelinga heldt fram i august i Musicland i München med gitarist Phil Palmer, som fann det kreative samarbeidet med Pop og Bowie stimulerande men forurolegande, og såg dei aldri i studio på dagtid («Vampyrsk var det perfekte ordet», sa han seinare).[7] Det vart lagt på ekstra spor av den vanlege rytmeseksjonen til Bowie med Carlos Alomar, Dennis Davis og George Murray, samt ein endeleg miks av Tony Visconti, i Berlin ved Hansa Studio 1 (ikkje, som ofte feilaktig sagt, det større Studio 2 ved Berlinmuren).[7] Sidan lydbanda nesten hadde ein demokvalitet, var etterproduksjonen i følgje Visconti «meir ein redningsjobb enn kreativ miksing».[8]

På grunn av dei fleirtydige og stundom manglande oppføringane på kven som medverka til albumet, har det oppstått mange mistydingar om kven som medverka i løpet av åra. Det er vanlegvis trudd at Pop skreiv tekstane, medan Bowie skreiv musikken, og stemmer nokså bra, men stundom skifta dei posisjon, og noko musikk (som «Dum Dum Boys») vart skriven av Pop og noko tekst (mellom anna første verset av «Sister Midnight») var skriven av Bowie.[4] Biletet på plateomslaget var inspirert av Erich Heckel sin Roquairol, og vert ofte rekna for å vere teken av Bowie, men vart i røynda teken av Andy Kent.[8][9] Det står ikkje kven som spelar kva på omslaget, noko som har ført til spekulasjonar om kven som medverka,[5] men nyare etterforsking av Hugo Wilcken, Paul Trynka og Nicholas Pegg har gjeve ei liste over kven ein meiner medverka.[4][7][9]

Stil og tema endre

Då albumet kom ut skildra Pop The Idiot som ein blanding av James Brown og Kraftwerk.[10] Bowie-biografen David Buckley har kalla det «eit funky, robotisk helveteshol av eit album».[8] Funk-påverknaden kom mest til syne på «Sister Midnight», som var basert på eit riff av Carlos Alomar og besett med Pop sine ødipus-aktige og draumeaktige bilete. Mangelen på elektroniske instrument gjorde til skamme det kritikar Dave Thompson har skildra som ei "utfordrande futuristisk stemning".[11]

Pop snakka om Bowie og skildra den Krautrock-aktige «Nightclubbing» som «min kommentar til korleis det var å henge med han kvar kveld». Denne songen vart spelt inn ein kveld etter at dei andre musikarane hadde gått heim, og Bowie spelte melodien på piano med ein gammal trommemaskin som akkompagnement. Då Pop sa seg sjølv nøgd med resultatet, meinte Bowie at dei måtte nytte verkelege trommer for å gjere songen ferdig. Pop insisterte derimot på å halde på rytmemaskinen, og sa «det er rått, det er betre enn ein trommeslagar». Pop skreiv teksten på staden «i løpet av ti minutt» og Bowie foreslo at han skulle skrive om «walking through the night like ghosts».[12] Riffet har vorte skildra som ein vondsinna bruk av Gary Glitter sin «Rock and Roll».[7]

«China Girl», opphavleg kalla «Borderline», var ei soge om ugjengjeldt kjærleik, inspirert av Kuelan Nguyen, kjærasten til den franske skodespelaren og songaren Jacques Higelin, som òg spelte inn musikk i Château d'Hérouville på den tida. Når Iggy syng «Shhh...», var det akkurat det Nguyen sa til Pop då han uttrykte kjenslene sine for ho ein kveld.[7] Produksjonsmessig er han rå og upolert samanlikna med hitversjonen som Bowie seinare sjølv spelte inn i 1983.[9] Andre songar er «Funtime», ein proto-gotisk song som Bowie rådde Pop til å synge «som Mae West»;[4] «Dum Dum Boys» er ei hyllest eller sørgjesong for dei tidlegare bandkollegaene til Pop frå the Stooges («ein eksepsjonell ukjensleg bruk av gamle kollegaer på for teatralsk effekt» i følgje biografen Joe Ambrose);[13] og «Mass Production», eit skurrande, malande stykke av tidleg industriell electronica.[4]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [14]
Blender     [15]
Chicago Tribune    [16]
Christgau's Record GuideA−[17]
Encyclopedia of Popular Music     [18]
The Rolling Stone Album Guide     [19]
Spin Alternative Record Guide7/10[20]

Sjølv om det meste av The Idiot vart spelt inn før Low, det først albumet i Berlintriologien til Bowie, vart Bowie-albumet gjeven ut først, i januar 1977, medan Pop sitt kom ut i mars same år. Laurent Thibault meinte at «David ønskte ikkje at folk skulle tru at han hadde vorte inspirert av Iggy sitt album, når det i røynda var ein og same ting.»[4] I 1981 foreslo NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray at den elektroniske lyden på The Idiot hadde blitt bana veg for på Low,[5] medan Nicholas Pegg i 2000 skildra det som «eit springbrett mellom Station to Station og Low».[9]

The Idiot nådde 30. plass i Storbritannia, den første gongen nokon av platene til Iggy Pop nådde Topp 40 nokon stad. Det nådde 72. plass i USA. «Sister Midnight» og «China Girl» vart gjevne ut som singlar i februar og mai 1977, begge med same B-sida, «Baby».[21] Biografen Paul Trynka har skrive om The Idiot at «det var eit album som var meir respektert enn elska, og dei fleste meldingane om det var nøytrale», men at det «varsla om kjensla i post-punken».[7]

Ettermæle endre

Sjølv om albumet har vorte høgt verdsett i løpet av åra, har Iggy Pop-puritanarar kritisert det for å vere lite representativt for repertoaret hans og som bevis på at han vart brukt av Bowie.[8][13] Bowie sjølv innrømde seinare:

« Stakkars Jim. På ein måte vart han ei forsøkskanin for det eg ønskte å gjere med lyden. Eg hadde ikkje nokre songar på den tida, og eg følte ikkje for å skrive noko i det heile. Eg ville heller lene meg tilbake og kome baketter nokon andre sitt arbeid, så albumet var ein mogelegheit for meg kreativt sett.[22] »

Pop sjølv kalla The Idiot for sitt «fridomsalbum».[13] Siouxsie Sioux skildra det som «ei ny stadfesting på at mistankane våre var sanne - mannen var eit geni og for ei stemme!»[13] Albumet har vorte omtalt som ei stor inspirasjonskjelde for mange post-punk, elektroniske og industrielle musikarar, som Depeche Mode, Nine Inch Nails og Joy Division. Frontmannen og songaren i sistnemnde, Ian Curtis, vart funnen hengd i 1980 medan plata framleis gjekk på platespelaren.[9] Martin Glover skildra òg The Idiot som eit av favorittalbuma hans.[23]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Iggy Pop og David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sister Midnight»Pop, Bowie, Carlos Alomar4:19
2.«Nightclubbing» 4:14
3.«Funtime» 2:54
4.«Baby» 3:24
5.«China Girl» 5:08
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Dum Dum Boys»7:12
7.«Tiny Girls»2:59
8.«Mass Production»8:24

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Deming, Mark. «Iggy Pop – Blah-Blah-Blah review». Allmusic. Henta 15. juli 2015. 
  2. Little, Michael H. «Iggy Pop, The Idiot». The Vinyl District. Henta 4. juni 2016. 
  3. «GIG HIGHLIGHT: IGGY POP». Totally Stockholm. Henta 14. februar 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Hugo Wilcken (2005). Low: s.37-58
  5. 5,0 5,1 5,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.118
  6. Allmusic album review
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 Paul Trynka (2007). Iggy Pop: Open Up and Bleed: s.242-250
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.298,315-318
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.382-383
  10. Hiponline.com, arkivert frå originalen 18. mai 2011, henta 16. oktober 2011 
  11. Allmusic song review
  12. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: pp.152-153
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Joe Ambrose (2004). Gimme Danger: The Story of Iggy Pop: s.175-178
  14. Deming, Mark. «The Idiot – Iggy Pop | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 6. mai 2018. 
  15. Smith, RJ (September 2004). «Iggy Pop: The Idiot». Blender. Arkivert frå originalen 30. juni 2006. Henta 11. august 2016. 
  16. Kot, Greg (22. juli 1990). «Pop On Pop: Iggy Rates His Own Music (and So Do We)». Chicago Tribune. Henta 6. mai 2018. 
  17. Christgau, Robert (1981). «Iggy Pop: The Idiot». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 8. desember 2014. 
  18. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  19. Coleman, Mark; Kemp, Rob (2004). «Iggy Pop». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 645–46. ISBN 0-7432-0169-8. 
  20. Weisbard, Eric; Marks, Craig (1995). Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 378. ISBN 0-679-75574-8. 
  21. Martin C. Strong (2002). The Great Rock Discography (6th Edition): s.815-816
  22. Kurt Loder & David Bowie (1989). Sound and Vision: CD liner notes
  23. The Quietus

Bakgrunnsstoff endre