Opna hovudmenyen

The Jam var eit engelsk rockeband som var aktivt frå slutten av 1970-talet til byrjinga på 1980-talet. Bandet slo gjennom i lag med framvoksteren av pønkbølgja, og hadde med den raske musikken og framtoninga si som «sinte unge menn» ein del likskapstrekk med pønkband. Medlemmane i bandet var likevel opphavleg fint kledd i dressar, og musikken til bandet inneheldt ei rekkje element frå blant anna The Beatles, Motown, britisk populærmusikk frå 1960-talet, særleg The Who, og The Kinks. The Jam plasserte seg dermed som eksponent for gjenopplivinga av mod-kulturen.

The Jam
Thejam.gif
OpphavFlag of the United Kingdom.svg Storbritannia Woking i Surrey i Storbritannia
Aktiv1972–1982
Sjanger
PlateselskapPolydor
Tidlegare medlemmerPaul Weller
Steve Brookes
Rick Bucker
Dave Waller
Bruce Foxton

The Jam hadde 18 Top 40-singlar på rad på dei britiske hitlistene frå debuten sin i 1977 til 1982, av dette 4 hittar på toppen av lista. Då gruppa blei oppløyst i 1982 blei dei første 15 singlane deira gjenutgjevne og kom alle med på topp 100-lista.[1]

Bandet bestod av Paul Weller (gitar og vokalist), Bruce Foxton (bassgitar) og Rick Buckler (trommer). Opphavleg var det endå ein gitarist med, Steve Brooks, men han forlét bandet før utgjevinga av debutsingelen til gruppa, «In the City» i april 1977. Weller oppløyste bandet i 1982, og danna deretter The Style Council.

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

  • In the City (1977) #20 UK
  • This Is the Modern World (1977) #22 UK
  • All Mod Cons (1978) #6 UK
  • Setting Sons (1979) #4 UK, #137 US
  • Sound Affects (1980) #2 UK, #72 US
  • The Gift (1982) #1 UK, #82 US
  • Dig the New Breed (1982) #2 UK, #131 US
  • Live Jam (1993) #25 UK
  • The Jam at the BBC (2002) #33 UK

SamlealbumEndra

  • Snap! (1983) #2 UK
  • Compact Snap! (1985)
  • All The Choice Cuts (1990)
  • Greatest Hits (1991) #2 UK
  • Extras (1992) #15 UK
  • Wasteland (1992)
  • Beat Surrender (1993)
  • The Jam Collection (1996)
  • The Master Series (1997)
  • The Very Best of The Jam (1997) #9 UK
  • The Sound of the Jam (2002) #3 UK
  • The Best Of The Jam – The Millennium Collection (20th Century Masters) (2003)
  • Gold (2005)
  • The Jam Story (2006)

SinglarEndra

  • «In the City» (1977)
  • «All Around the World» (1977)
  • «The Modern World» (1977)
  • «News of the World» (1978)
  • «David Watts»/«A Bomb in Wardour Street» (dobbelt A-side) (1978)
  • «Down in the Tube Station at Midnight» (1978)
  • «Strange Town» (1979)
  • «When You're Young» (1979)
  • «The Eton Rifles» (1979)
  • «Going Underground» / «Dreams of Children» (dobbelt A-side) (1980)
  • «Start!» (1980)
  • «That's Entertainment» (1981)
  • «Funeral Pyre» (1981)
  • «Absolute Beginners» (1981)
  • «Town Called Malice» / «Precious» (dobbelt A-side) (1982)
  • «Just Who Is the 5 O'Clock Hero?» (1982)
  • «The Bitterest Pill (I Ever Had to Swallow)» (1982)
  • «Beat Surrender» (1982)

Video & DVDEndra

  • Tran si Global Unity Express (1983)
  • The Very Best Of The Jam (1997)
  • The Complete Jam On Film 1977-1982 (2002)

KjelderEndra

  1. «J.A.M. - full Official Chart History». Officialcharts.com. Henta 12. november 2017.