The Princess Bride av Mark Knopfler
The Princess Bride Filmmusikk av Mark Knopfler | ||
Utgjeve | 12. november 1987 | |
Innspelt | 1987 | |
Sjanger | Filmmusikk, pop | |
Lengd | 39:25 | |
Selskap | Vertigo, Warner Bros. (USA) | |
Produsent | Mark Knopfler | |
Mark Knopfler-kronologi | ||
---|---|---|
Comfort and Joy (1984) |
The Princess Bride | Last Exit to Brooklyn (1989)
|
The Princess Bride er eit filmmusikkalbum av den britiske songar-låtskrivaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut den 12. november 1987 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen The Princess Bride i 1987, regissert av Rob Reiner.[1] Albumet inneheld songen «Storybook Love», skriven og framført av Willy DeVille og arrangert av Mark Knopfler. I 1988 vart songen nominert til Oscarprisen for beste song.
Bakgrunn
endrePå kommentatorsporet til spesialutgåva på DVD, sa regissøren Rob Reiner at det berre var Mark Knopfler frå Dire Straits som kunne skape musikk som fanga den lunefulle, men likevel romantiske stemninga i filmen. Reiner var fan av Knopfler, men kjende han ikkje før dei arbeidde i lag på filmen. Han sendte manuset til han med håp om at han ville gå med på å skrive musikk til filmen. Knopfler gjekk med på dette så lenge Reiner ein eller annan stad i filmen tok med Coral Sea-capen han hadde på seg som Marty DiBergi i filmen This is Spinal Tap. Reiner fekk ikkje tak i den originale capsen, men fekk tak i ein som likna. Seinare sa Knopfler at han berre spøkte om hatten.[2]
Kritikk
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Filmtracks | [3] |
I meldinga si for AllMusic gav Johnny Loftus albumet fire og ei halv av fem stjerner, og hylla Knopfler for at han klarte å fange dei forskjellige dramatiske elementa i filmen i musikken sin.[1]
Innhald
endreAlle spor skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde[4][1]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Once Upon a Time...Storybook Love» | 4:00 |
2. | «I Will Never Love Again» | 3:04 |
3. | «Florin Dance» | 1:32 |
4. | «Morning Ride» | 1:36 |
5. | «The Friends' Song» | 3:02 |
6. | «The Cliffs of Insanity» | 3:18 |
7. | «The Swordfight» | 2:43 |
8. | «Guide My Sword» | 5:11 |
9. | «The Fireswamp and the Rodents of Unusual Size» | 4:47 |
10. | «Revenge» | 3:51 |
11. | «A Happy Ending» | 1:52 |
12. | «Storybook Love» (Willy DeVille) | 4:24 |
Total lengd | 39:20 |
Medverkande
endre- Musikk
- Mark Knopfler – gitarar
- Guy Fletcher – klaverinstrument
- Willy DeVille – vokal
- Produksjon
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Princess Bride (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Loftus, Johnny. «The Princess Bride». AllMusic. Henta 8. januar 2015.
- ↑ The Princess Bride (Special Edition), audio commentary by Rob Reiner, 1987.
- ↑ «The Princess Bride». Filmtracks. 29 April 2003. Henta November 9, 2012.
- ↑ 4,0 4,1 The Princess Bride (booklet). Mark Knopfler. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1987. s. 2–4. 25610-2.