The Sandman er namnet på ein teikneserie som vart skapt av forfattaren Neil Gaiman i samarbeid med DC Comics og eit lag med teiknarar. Serien fortel om hovudpersonen Draum av Dei evige, inkarnasjonen av Draumeriket. Dei evige er ein søskenflokk på sju, som alle er eit tematisk prinsipp i menneskelivet: Destiny (Dom), Daude, Draum, tvillingparet Despair (rådløyse) og Desire (girugskap), og Delirium (sinnsjukdom).

Serien gjekk i hefteform frå 1989 til ut på 1990-talet. Han vart rekna som grensesprengande innanfor teikneseriesjangeren, og vann snart stor åtgaum. Han vart omsett til norsk av Anne Granberg.

Gaiman tok i bruk forteljingane om Sandman, som alt fanst, og bygde vidare på det superhelt-universet som DC alt hadde snekra saman. Mange av dei kjende superheltane har hatt gjesteinnslag i seriane, som Supermann og karakterar frå Watchmen. Noko av handlinga går og føre seg i Gotham City. Utover i serien gjekk Gaiman noko bort frå superhelt-referansane.

Elles vil lesaren råke på ulike slag mytologiske vesen, frå norrøn mytologi, gresk mytologi, folketru, japansk mytologi og så vidare. Kristen mytekrins er til stades i same mon, og den argaste fienden til Draum er fyrsten av Helvete, Lucifer. Elles møter ein William Shakespeare, som gjer ei avtale med Draum, og ei rekkje vanlege menneske som er blanda borti handlinga meir eller mindre etter fri vilje.

Karakteren endre

Draum eller Morpheus er teikna som den rake motsetnaden av den vanlege framstillinga av Draumekongen. Han ber ei rekkje namn, og er kjend for å vera tankefull, streng og regelbunden, arrogant og lite viljug til å sjå verda frå andre synsstader enn sin eigen. Han har ei rekkje ulukkelege kjærleikssoger bak seg, og er kjend for manglande evne til å knyte seg til folk. Han har soleis få vener. Denne Draumekongen går støtt i svart, og syner seg ofte som likbleik, mager og med svart hår. Han syner seg ofte slik folk ventar å sjå han. Kjem drøymaren frå Afrika, framstår han som afrikansk. Er drøymaren ein katt, syner Draum seg og som ein katt, og slik bortetter. Likevel møter han alle med same grunnhaldning. Neil Gaiman ville han skulle sjå kongeleg ut, og valde framtoninga til ein moderne rockestjerne, av di han meinte desse i røynda var nærast moderne kongeleg framtoning.

  Denne teikneserieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.