The Secret Life of Arabia

The Secret Life of Arabia
Song av David Bowie
frå albumet "Heroes"
Utgjeve 14. oktober 1977
Innspelt Hansa Studio by the Wall, Vest-Berlin
Juli-august 1977
Sjanger Rock, krautrock
Lengd 3:46
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie, Brian Eno, Carlos Alomar
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«The Secret Life of Arabia» er ein song skriven av David Bowie, Brian Eno og Carlos Alomar i 1977 for albumet "Heroes". Det var den siste songen på albumet etter instrumentalen «Neuköln». Som songen til Bowie frå 1971, «Life on Mars?», omhandla songen ei verd der film og røyndom vert blanda.

NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skildra songen «som å sjå 'The Sheik' på syre og le roleg for seg sjølv. Vokalen til Bowie er oppriktig morsom».[1] Forfattar Nicholas Pegg rekna songen som ein «urettvis oversett» song, og nemnde dei ekstreme ytterpunkta frå bass til falsett i vokalen til Bowie.[2] For biografen David Buckley øydela «The Secret Life of Arabia» den dramatiske effekten på albumet, men meinte at det var ein flott song. Han meinte at den siste tonen på «Neuköln» burde ha vore den siste lyden på albumet.[3]

Andre utgjevingar endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.92
  2. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.181
  3. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.325