The Seeds var eit amerikansk rockeband som vert rekna som ein prototype for garasje-punkrocken i midten av 60-åra.[3] Gruppa hadde eit repertoar som varierte mellom garasjerock og acid rock, og har blitt omtalt som eit freakbeatband.[4]

The Seeds

Gruppa i 1966. Frå venstre: Rick Andridge, Daryl Hooper, Sky Saxon og Jan Savage
OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1965–1969, 1969–1972 (som Sky Saxon and the Seeds)
Sjangerpsykedelisk rock,[1] acid rock,[2] garasjerock, proto-punk
PlateselskapGNP Crescendo, MGM Records, Bam Caruso
MedlemmerDaryl Hooper
Jan Savage
Don Boomer
Paul Kopf
Jeff Prentice
Alec Palao
Tidlegare medlemmerSky Saxon
Daryl Hooper
Jan Savage
Rick Andridge
Don Boomer
Bob Norsoph

Historie endre

The Seeds vart skipa i 1965 då songaren Sky Saxon svart på ei annonse. Saxon, som hadde flytta til Los Angeles frå Salt Lake City, hadde gjeve ut ei rekkje singlar under namnet Richie Marsh. Bandet sikra seg faste konsertar på klubben Bido Lito's i LA og fekk raskt eit lokalt rykte for dei energiske konsertane sine.[5]

Klaverspelaren Daryl Hooper var ein viktig faktor i stilen til The Seeds. Bandet var ein av dei første som brukte klaverbass. Gitaristane Jan Savage og Jeremy Levine i lag med trommeslagaren Rick Andridge utgjorde resten av kvintetten, men Levine slutta kort tid etter den første innspelinga deira av personlege årsaker. Sjølv om Sky Saxon vanlegvis er oppført som bassist på Seeds-innpelingane, var det som regel studiomusikarar, vanlegvis ein Harvey Sharpe, som spelte bass. På scenen spelte ofte klaverspelaren Daryl Hooper bass på eit eige bass-klaverinstrument, på liknande måte som Ray Manzarek seinare gjorde i The Doors.

Den første singelen til The Seeds, «Can't Seem to Make You Mine», vart ein regional hit i Southern California i 1965. Songen vart ofte spelt på radiostasjonar i Nord-California (og truleg andre stader), og vart godt motteken av lyttarane. Etter kvart vart songen ein kultsong frå 60-åra. Bandet fekk ein nasjonal hit på Topp 40 med «Pushin' Too Hard» i 1966 og framførte songen på nasjonalt fjernsyn. Dei tre neste singlane, «Mr. Farmer» (1966), ei nyutgjeving av «Can't Seem To Make You Mine» (1967) og «A Thousand Shadows» (1967) selde meir moderat, men var alle mest populære i Sør-California. Songane var musikalsk ukomplisert og ofte med enkle melodiske knaggar og dominert av den uortodokse vokalen til Saxon. Dei to første albuma deira, The Seeds og A Web of Sound, vert i dag rekna som klassikar innan 60-tals garasjerock.[treng kjelde]

Eit stort vendepunkt for The Seeds kom i 1967. Det sjølvproduserte tredjealbumet Future presenterte ein større og psykedelisk kunstnarisk uttrykk og gruppa vart faneberarar under den kanskje mest kreative og eksperimentelle tida i amerikansk popkultur og musikkhistorie. Den meir ekspansive musikkstilen, med utførleg orkestrering og eit dobbeltfalsa plateomslag med utførlege blomeillustrasjonar av målaren Sassin, var eit avvik frå den råare tonen på dei tidlegare hittane til bandet, men vart likevel godt likt av fansen og kritikarane. Det vert rekna som ein kuriositet innan sjangeren i dag og eit pionerverk innan psykedelisk rock. Iggy Pop, Smashing Pumpkins og medlemmar av Beach Boys har alle omtalt bandet, og særleg dette albumet, som ein sjangerklassikar.[treng kjelde]

Utgjevinga av Future i midten av 1967 markerer det kommersielle høgdepunktet i karrieren til The Seeds med intense konsertar, fleire framføringar på fjernsyn og ei gjesteframsyning i situasjonkomedien The Mothers-in-Law og hippie-filmen Psych-Out. The Seeds gav så ut eit album med blues (med tekst i omslaget av Muddy Waters). A Full Spoon of Seedy Blues, gjeven ut under artistnamnet Sky Saxon Blues Band, kom ut i november 1967.

I mai 1968 gav bandet ut den siste plata si for GNP Crescendo Records, Raw & Alive: The Seeds in Concert at Merlin's Music Box, som musikalsk gjekk attende til dei meir aggressive garasjerockrøtene. Albumet og singelen «Satisfy You» mislukkast i å nå dei nasjonale salslistene. Bandet skifta namn til «Sky Saxon and The Seeds» i 1968, og på den tia hadde Bob Norsoph (gitar) og Don Boomer (trommer) erstatta Savage og Andridge. Saxon fortsette å bruke namnet The Seeds med forskjellige musikarar, minst fram til 1972. To singlar vart gjevne ut i 1970.

The Seeds vart inaktive fram til 2003, då Saxon starta bandet opp att med den originale gitaristen Jan Savage og nykomarane Rik Collins på bass, Mark Bellgraph på gitar og Dave Klein på klaverinstrument. Denne nye versjonen av The Seeds gjekk gjennom fleire inkarnasjonar, og Savage slutta halvvegs gjennom Europaturneen deira i 2003 på grunn av helsa si. Saxon vart verande det einaste originale medlemmet i The Seeds og fortsette å turnere i Europa og USA fram til han døydde 25. juni 2009 av hjarte- og nyresvikt.[6]

Ettermæle endre

The Seeds har ofte blitt omtalt som ei inspirasjonskjelde av amerikanske punkarar sidan 19790-åra. Seeds-songar er blitt spelt av The Dwarves, Alex Chilton,[7] Johnny Thunders,[8] The Ramones,[9] Yo La Tengo,[10] Garbage,[11] Murder City Devils,[12] Spirits in the Sky,[13] Paul Parker,[14] Pere Ubu,[15] The Makers,[16] The Embarrassment,[17] The Bangles,[18] The Rubinoos,[19] Strawberry Alarm Clock,[20] og andre artistar. Noko tekst på Frank Zappa-albumet Joe's Garage refererer på ein satirisk måte til «Pushin' Too Hard»: «You're plooking too hard, Plooking too hard on ME».[21]

Den 24. juli 2009 heldt The Smashing Pumpkins, Love og The Electric Prunes ein konsert til minne om Sky Saxon.[22]

Diskografi endre

Studioalbum endre

Singlar endre

År Song Listeplassering
U.S. Billboard[23] U.S. Cashbox CAN
1965 «Can't Seem to Make You Mine»
med «Daisy Mae»
«Pushin' Too Hard»
med «Out of the Question»
1966 «Pushin' Too Hard» (re-release)
med «Try to Understand»
36 40[24] 44
«Mr. Farmer»
med «No Escape»
1967 «Mr. Farmer» (nyutgjeving)
med «Up in Her Room»
86
«Can't Seem to Make You Mine» (nyutgjeving)
med «I Tell Myself»
41 55[25] 33
«A Thousand Shadows»
med «March of the Flower Children»
72 86[26]
«The Wind Blows Your Hair»
med «Six Dreams»
1968 «Satisfy You»
med «900 Million People Daily Making Love»
1969 «Fallin' Off the Edge of My Mind»
med «Wild Blood»
«—» syner at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista.

Kjelder endre

  1. Reid, Graham (13. oktober 2014). «The Seeds: Singles As and Bs 1065-1970 (Big Beat/Border)». Henta 29. april 2018. 
  2. Patoski, Joe Nick (February 1979). «Gather Ye Records While Ye May». Texas Monthly 7 (2): 144. ISSN 0148-7736. 
  3. Brian Addison (10. juli 2014). «Prototype Garage Punk Band The Seeds to Have Documentary Screening in Long Beach». Long Beach Post. Henta 29. april 2018. 
  4. Peter Buckley (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 916. 
  5. Spitz, Mark (2001). We Got the Neutron Bomb: The Untold Story of L.A. Punk. Danvers, Massachusetts: Three Rivers Press. s. 2. ISBN 978-0-609-80774-3. Arkivert frå originalen 21. februar 2017. Henta 29. april 2018. 
  6. Seeds Frontman Sky Saxon Dies in Austin
  7. «'Bangkok/Can't Seem to Make You Mine' - Overview». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  8. Schoemer, Karen (April 1989). «Spin Offs». Spin (SPIN Media LLC) 5 (1): 113. ISSN 0886-3032. 
  9. «Album Reviews». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 106 (3): 44. 15. januar 1994. ISSN 0006-2510. 
  10. Robbins, Ira. «Trouser Press - Yo La Tengo». Trouser Press. Henta 29. april 2018. 
  11. Strong, Martin Charles (2006). The Great Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books. s. 431. ISBN 978-1-84195-860-6. 
  12. Cantalini, Chris (25. august 2007). «Can't Seem to Make You Mine». Gorilla vs. Bear. Henta 29. april 2018. 
  13. Bronson, Kevin (29. august 2009). «Billy Corgan, Dave Navarro Debut 10 Songs». Spin. Henta 29. april 2018. 
  14. Shapiro, Peter (2006). Turn the Beat Around: The Secret History of Disco. New York: Faber and Faber. s. 79. ISBN 978-0-86547-952-4. 
  15. «Datapanik in Year Zero - Overview». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 29. april 2018. 
  16. «Shout On!/Hip-Notic - Overview». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 29. april 2018. 
  17. «Blister Pop - Overview». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 29. april 2018. 
  18. McIntosh, Dan (14. august 2007). «The Bangles: Return to Bangleonia: Live in Concert [DVD]». PopMatters). Henta 29. april 2018. 
  19. «Everything You Always Wanted to Know About the Rubinoos - Overview». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 29. april 2018. 
  20. Britton, Wesley (24. juni 2012). «Music Review: Strawberry Alarm Clock - 'Wake Up Where You Are'». Seattle Post-Intelligencer. Henta 29. april 2018. 
  21. McDonald, Lisa (27. oktober 2010). «Project/Object an interview with Andre Cholmondeley». TimesSquare.com. Henta 28. juni 2012. [daud lenkje]
  22. «A Tribute to Sky Saxon - at The Echoplex – Los Angeles / Silverlake, CA – 24. juli 2009». Big Wheel Magazine. 24. juli 2009. Henta 29. april 2018. 
  23. «The Seeds Album & Song Chart History». Billboard. Henta 17. oktober 2012. 
  24. «Cash Box Top 100 2/25/67». Cashbox Magazine, Inc. Henta 17. oktober 2012. 
  25. «Cash Box Top 100 6/3/67». Cashbox Magazine, Inc. Henta 17. oktober 2012. 
  26. «Cash Box Top 100 8/5/67». Cashbox Magazine, Inc. Henta 17. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff endre