Opna hovudmenyen
The Soft Parade
Studioalbum av The Doors
Utgjeve 18. juli 1969
Innspelt Juli 1968 til mai 1969
Studio Elektra Sound Recorders i Los Angeles
Sjanger
Lengd 35:06
Selskap Elektra
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi
Waiting for the Sun
(1968)
The Soft Parade Morrison Hotel
(1970)


Singlar frå The Soft Parade
  1. «Touch Me»
    Utgjeve: Desember 1968
  2. «Wishful Sinful»
    Utgjeve: Mars 1969
  3. «Tell All the People»
    Utgjeve: Juni 1969
  4. «Runnin' Blue»
    Utgjeve: August 1969

The Soft Parade er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 18. juli 1969 på Elektra Records. Det meste av albumet vart spelt inn etter ein utmattande turné der bandet kjende dei hadde lite tid til å skrive nye songar. Produsenten Paul A. Rothchild rådde dei til å gjere noko heilt anna enn på dei tre førte Doors-albuma: å utvikle ein fullare lyd med blåse- og strykearrangement, laga av Paul Harris. Frontmannen Jim Morrison, som sleit med personlege problem og fokuserte meir på dikta sine, var mindre involvert i låtskrivinga, og gitaristen Robby Krieger skreiv meir av musikken.

Albumet nådde sjetteplassen på Billboard 200, men det selde ikkje like godt i Storbritannia og Europa som dei førre albuma deira. Tre singlar kom ut før albumet kom med «Touch Me», «Wishful Sinful» og «Tell All the People» og alle kom med på The Soft Parade. Førstnemnde vart ein topp 10-hit for The Doors. Ein annan singel, «Runnin' Blue», kom ut seinare. Då The Soft Parade kom ut fekk det dårleg kritikk av både musikkritikane og fansen i undergrunnsmiljøet og dei såg på albumet som eit popalbum. Seinare har albumet blitt sett i eit noko meir positivt lys, men vert framleis rekna som det svakaste dei gav ut med Morrison.

BakgrunnEndra

Innan midten av 1968 var The Doors etablert som ei av dei mest populære gruppene i USA. Det tredje albumet deira, Waiting for the Sun, kom ut i juli same året og vart den einaste plata deira som gjekk til topps på Billboard 200, og inneheldt den andre singelen deira som gjekk til topps på singellista, «Hello, I Love You».[1][2] Albumet vart det første kommersielle gjennombrotet til bandet i Storbritania og det nådde 16. plassen på UK Albums Chart. Etter Waiting for the Sun kom kravde The Doors store summar for å spele føre store publikum i L.A. Forum, The Hollywood Bowl og Madison Square Garden.[3] I tillegg byrja lokale radiostasjonar i Los Angeles, særskild KHJ Radio, som tidlegare hadde nekta å spele platene deira, å sponse konsertane til The Doors.[4] Den 2. september 1968 la bandet ut på ein turné i Europa, i lag med Jefferson Airplane, og før den lange, slitsame turneen var over, spelte dei ni konsertar attende i USA. Dette gav dei lite tid til å skrive songar for The Soft Parade og dei hadde brukt opp alle songane Morrison hadde skrive frå før.[5]

Morrison, som var ein sjølvutnemnd «rockens syre-evangelist», vart fascinert av måte The Doors vart framstilte i media på. Då bandet vart stjerner og Morrison vart trekt fram som eit sexsymbol, endra han drastisk synet sitt på popkulturen.[6] I 1968 vart oppførselen til Morrison stadig meir eksentrisk. Han byrja å drikkje mykje og distanserte seg frå studioarbeidet for å fokusere meir på andre lidenskapar, dikt og filmskaping.[7] På den tida sleit Morrison òg med angst og kjende seg som om han var på randa av eit nervøst samanbrot. Han vurderte å slutte i The Doors, men vart overtydd av klaverspelaren Ray Manzarek om å gjere ferdig The Soft Parade før han tok denne avgjersla.[8]

I november 1968 gjekk bandet inn i det nye studioet Elektra Sound West på La Cienega Boulevard for å byrja arbeidet med The Soft Parade, ein prosess som ikkje var ferdig før juni 1969.[9] Utan albumklare songar å arbeide med, tok plateprodusenten Paul A. Rothchild kontroll over innspelingane og insisterte på at songane skulle spelast inn om att og om att, noko som irriterte gruppa kraftig.[10] «Det var som å trekkje tenner å få Jim til å gjere det» sa lydteknikaren Bruce Botnick. «Det var bisart ... det hardaste eg nokon gong har gjort som produsent.»[11] Rothchild, som på den tida var avhengig av kokain og førte ei særs streng linje, skapte stor ufred i studio, særleg med rådgjevaren sin Jac Holzman, som hevda at drivet mot perfeksjon «sleit dei ned».[10] Albumet var det klårt dyraste gruppa laga, og kosta 80 000 amerikanske dollar, i motsetnad til debutalbumet som kosta 10 000 dollar.[9]

MusikkEndra

The Doors ønskte å utnytte det eksperimentelle klimaet i popmusikken på denne tida som vart driven fram av banebrytande verk som The Beatles sitt The White Album og Jimi Hendrix sitt Electric Ladyland, medan dei omdefinerte kva som var mogeleg å gjere innan rock.[10] Rothchild såg etter ein ny, kreativ lyd, og henta inn Paul Harris til å arrangere strykarar og orkester for Los Angeles Philharmonic og lokale jazz-blåsarar. Studiomusikarane Doug Lubahn og Harvey Brooks spelte òg bass.[9][12] Musikken på The Soft Parade omfatta kunstrock,[13] bluesrock,[14] jazzfusion,[14] og psykedelisk rock.[14] Trommeslagaren John Densmore og Manzarek, som begge hadde jazzbakgrunn, hevda dei var mottakeleg for jazzkonseptet til Rothchild: «Me snakka alltid om å bruke nokre jazzmusikarar - la oss leggje på litt strykarar og blåsarar, la oss sjå korleis det er å spele inn med ei strykeseksjon og ei stor blåserekkje», sa Manzarek.[15]

Sjølv om Morrison var mindre involvert i studioinnspelingane til The Doors på denne tida, kravde han at dei enkelte medlemmane i bandet vart oppførte som låtskrivarar etter at han først nekta å syngje teksten til Krieger, «Can't you see me growing, get your guns» on the track «Tell All the People». Som følgje av dette var The Soft Parade det første Doors-albumet som ikkje oppførte songane som «Skrivne av The Doors».[16] Krieger fortsette å skrive songar for å fylle tomrommet som Morrison etterlet seg. Han skreiv halvparten av songane på albumet, medan Morrison stod oppført med den andre halvparten (dei var begge låtskrivarar på «Do It»), og resultatet vart eit album som mangla den musikalske heilskapen som ein fann på dei tidlegare Doors-albuma.[9]

Songane til Krieger vart nesten skriven sjølvstendig frå resten av bandet, og innlemma mellom anna jazzpåverknaden som hadde vore ein del av populær rockemusikk. Berre songane hans, «Tell All the People», «Touch Me», «Runnin' Blue» og «Wishful Sinful», vart skrivne med strykarar og blåsarar. Morrison, som ikkje var heilt i mot konseptet, nekta å gå i den retninga Densmore og Manzarek ønskte.[17] «Touch Me» (med arbeidstitlane «Hit Me» og «I'm Gonna Love You») vart valt ut som den første singelen frå The Soft Parade, og vart den største hitten til The Doors. Bandet henta inn saksofonisten Curtis Amy til å spele solo på songen, inspirert av musikken til John Coltrane.[18]

Morrison sin «Shaman's Blues» og tittelsporet var begge døme på hangen hans til å bruke symbolisme og sjølvbiografisk innsikt.[17] Sistnemnde var eit lang avslutningsspor, slik Doors hadde gjort før, skriven med hjelp av Rothchild som organiserte delar av dikta til Morrison slik at dei passa saman rytmisk og omgrepsmessig. Songen vart introdusert me ei etterlikning av ei lidenskapeleg preike av Morrison, som synte sørstatsrøtene hans. Stemninga i songen vert forsterka av slåande bilete av teiknar eit behov for tryggleik, røyndomsflukt og glede.[19] Kritikaren Doug Sundling skreiv at «The Soft Parade» med sin påverknad frå acidrock og sunshine pop var meir variert enn andre Morrison-songar.[20]

Utgjeving og mottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [21]
MusicHound Rock3.5/5[22]
The Rolling Stone Album Guide     [23]
Slant Magazine     [24]
The Village VoiceB–[25]

The Soft Parade kom ut 18. juli 1969.[26] Det nådde sjetteplassen på Billboard 200, og låg inne på lista i 28 veker, men gjorde det dårleg i Storbritannia der det ikkje gjekk inn på salslista.[27] Biletet på plateomslaget vart teken av Joel Brodsky, som òg hadde teke biletet på debutplata deira og Strange Days.[28] Det var alt gjeve ut tre singlar før albumet kom ut, som var fleire enn det som var vanleg for The Doors.[9] Singelen «Touch Me» kom ut i desember 1968 og vart ein av dei største hittane deira, med ein tredjeplass på Billboard Hot 100.[18] To singlar til, «Wishful Sinful» og «Tell All the People», kom òg ut, men gjorde det ikkje like bra med høvesvis 44. og 57. plassen på lista.[29] Etter The Soft Parade kom ut gav The Doors ut den vesle hitten «Runnin' Blue», som nådde 64. plassen på lista i august 1969.[17]

Sjølv om albumet klarte å etablere The Doors i popmarknaden, vart det mislikt av den opphavlege fansen til The Doors og undergrunnsmiljøet, særskild sidan dei brukte blåsarar og strykarar.[30] Undergrunnspressa var negative og David Walkey skreiv i East Village Other at albume var «stygt øydelagd av siruparrangementa til Paul Rothchild og kunne ha blitt kalla 'The Rothchild Strings Play the Doors'».[31] Ei anna negativ melding vart skriven av Miller Francis jr. i The Great Speckled Bird som mislikte forsøket til The Doors på kunstrock og meinte at The Soft Parade «kjem fram så pretensiøst, som noko som heller er skrive enn sunge».[31] Rob Cline i Northwest Passage stilte spørsmål om kvifor eit band som The Doors trengde å spele med fiolinar og trombonar når resten av bandet var «best når dei gjorde det enkelt og hardt, slik dei gjorde på dei to første albuma».[31] I Rolling Stone skreiv Alec Dubro at mange av songane var «bleike skuggar av dei tidlegare songane deira».[32] Robert Christgau skreiv for The Village Voice i januar 1970: «Ingen tenkjer lenger ein gong på The Doors—slik er kjendistilværet—men dette er ei akseptabel plate, med føreseielege pretensjonar og to eller tre førsteklasses songar ('Touch Me,' 'Wild Child'). Det er uansett ingenting å bli begeistra over.»[25]

Forfattaren Richard Riegel evaluerte påverknaden til The Soft Parade på ryktet til The Doors i magasinet Creem i 1981: «Om Waiting for the Sun gjorde at mange av dei eldre hippiane sette spørsmålsteikn ved den tidlegare oppfatninga deira av The Doors som avatarar av avantgarde, så enda The Soft Parade interessa deira i gruppa.»[31] I ei melding for AllMusic var Richie Unterberger noko meir positiv og skreiv at «kring halve plata er ganske bra, særleg den store hitten 'Touch Me' (den mest suksessrike blandinga deira med orkester)».[33] Men Unterberger meinte at det var «det svakaste albumet dei spelte inn med Jim Morrison», med «svake songar som 'Do It' og 'Runnin' Blue'».[33] Forfattaren James Riordan meinte at, samanlikna med tidlegare album, var bidraga til Morrison på The Soft Parade glanslause og sette truverdet hans som seriøs poet og låtskrivar i fare.[17] Danny Sugerman i No One Here Gets Out Alive skreiv «totalt sett var påverknaden til tekstane mindre enn på dei førre albuma...blåsarar av nokre av dei beste lokale jazzmusikarane utviska ytterlegare den ein gong så tydelege Doors-stilen».[16].

CD-utgåverEndra

The Soft Parade vart ommastra i 24-bits oppløysing av Botnick i 1999.[34] Plata vart gjeven ut i plateboksen Perception i 2006 med eit klipp av The Doors som spelar tittelsporet på konsert. Som ein del av «40-årsjubileums»-serien deira, vart ei ommastra og nymiksa utgåve av The Soft Parade gjeven ut 27. mars 2007.[35] Albumet kom då med seks bonusspor, inkludert sjeldne spor som «Whisky, Mystics, and Men» og «Push Push».[36]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Tell All the People»  Robby Krieger 3:23
2. «Touch Me»  Krieger 3:12
3. «Shaman's Blues»  Jim Morrison 4:49
4. «Do It»  Morrison, Krieger 3:08
5. «Easy Ride»  Morrison 2:41
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Wild Child»  Morrison 2:38
7. «Runnin' Blue»  Krieger 2:33
8. «Wishful Sinful»  Krieger 3:02
9. «The Soft Parade»  Morrison 8:37
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
10. «Who Scared You»   3:58
11. «Whiskey, Mystics and Men» (versjon 1) 2:28
12. «Whiskey, Mystics and Men» (versjon 2) 3:04
13. «Push Push»   6:05
14. «Touch Me» (dialog) 0:28
15. «Touch Me» (take 3) 3:40

MedverkandeEndra

  • Curtis Amy – saksofonsoloar (spor 2)
  • Reinol Andino – conga
  • George Bohanan – trombonesolo
  • Harvey Brooks – bass (spor 1, 2, 6, 8)
  • Jimmy Buchanan – fele (spor 7)
  • Doug Lubahn[37] – bass
  • Jesse McReynolds – mandolin
  • Champ Webb – engelsk horn-solo
  • Paul Harris – orkesterarrangement (spor 1, 2 ,6 8)

SalslisterEndra

AlbumEndra

År Liste Plassering
1969 Billboard Pop Albums 6[27]

SinglarEndra

År Singel Liste Plassering
1968 «Touch Me»
B-side: «Wild Child»
Billboard Pop Singles 3[29]
1969 «Wishful Sinful»
B-side: «Who Scared You»
Billboard Pop Singles 44[29]
1969 «Tell All the People»
B-side: «Easy Ride»
Billboard Pop Singles 57[29]
1969 «Runnin' Blue»
B-side: «Do It»
Billboard Pop Singles 64[29]

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[38] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[39] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[40] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Riordan 1991, s. 241–243.
  2. Joynson 1987, s. 70.
  3. Riordan 1991, s. 249–251.
  4. Riordan 1991, s. 255.
  5. Hopkins 1980, s. 185–186.
  6. Riordan 1991, s. 211–212.
  7. Riordan 1991, s. 313–316.
  8. Davis 2004, s. 181.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Weidman 2011, s. 108–109.
  10. 10,0 10,1 10,2 Wall 2014, s. 234–236.
  11. Riordan 1991, s. 319.
  12. Wawzenek, Bryan (13. april 2015). «The Secret History of the Doors' Bass Players». Ultimate Classic Rock. Henta 2. august 2019. 
  13. Sundling 1990, s. 101.
  14. 14,0 14,1 14,2 Gear 2015, s. 85–86.
  15. Riordan 1991, s. 320.
  16. 16,0 16,1 Hopkins 1980, s. 226–227.
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 Riordan 1991, s. 338–340.
  18. 18,0 18,1 Weidman 2011, s. 85.
  19. Riordan 1991, s. 337.
  20. Sundling 1990, s. 115–116.
  21. Unterberger, Richie. «The Soft Parade – The Doors | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 27. juli 2019. 
  22. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds.) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 358. ISBN 1-57859-061-2. 
  23. «The Doors: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. Henta 31. august 2015. 
  24. Cinquemani, Sal (18. april 2007). «The Doors: The Soft Parade | album Review | Slant Magazine». Slant Magazine. Henta 27. juli 2019. 
  25. 25,0 25,1 Christgau, Robert (15. januar 1970). «Consumer Guide (6)». The Village Voice. Henta 2. august 2019. 
  26. «The Doors music». The Doors.com. Henta 2. august 2019. 
  27. 27,0 27,1 «The Doors Billboard 200». Billboard. Henta 2. august 2019. 
  28. Weidman 2011, s. 114.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 «The Doors The 'Hot' 100». Billboard. Henta 2. august 2019. 
  30. Riordan 1991, s. 336.
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Sundling 1990, s. 100–101.
  32. Dubro, Alec (23. august 1969). «[The Soft Parade review]». Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC) (40): 35. Henta 2. august 2019. 
  33. 33,0 33,1 Unterberger, Richie. «The Soft Parade – Review». AllMusic. Henta 2. august 2019. 
  34. Botnick, Bruce (1999). The Soft Parade (booklet). Elektra Records. 75005-2. 
  35. Berman, Stuart (5. desember 2000). «The Doors Perception». Pitchfork. Henta 2. august 2019. 
  36. Cinquemani, Sal (1. mars 2007). «The Doors – A Retrospective». Slant. Henta 2. august 2019. 
  37. http://www.douglubahn.com
  38. «Canadian album salstrofé – The Doors – The Soft Parade». Music Canada. 
  39. «British album salstrofé – Doors – The Soft Parade». British Phonographic Industry.  Enter The Soft Parade in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  40. «American album salstrofé – The Doors – The Soft Parade». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH