The Standells var eit garasjerockband i 1960-åra frå Los Angeles i California.

The Standells

OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1962-1968
SjangerGarasjerock
Tilknytte artistarThe Bel-Airs
Little Feat
The Walker Brothers
PlateselskapCapitol Records
Siste medlemmerTony Valentino
Larry Tamblyn
Dick Dodd
Gary Lane
Tidlegare medlemmerLowell George
Gary Walker

Historie endre

Bandet vart danna i 1962 av gitarist Tony Valentino og organist Larry Tamblyn. Etter at Dick Dodd og bassisten Gary Lane kom med i bandet fekk The Standells den første hitten sin med «Dirty Water», som nådde 11. plass på Billboard-lista den 11. juni 1966.

Andre populære songar av bandet var «Sometimes Good Guys Don't Wear White», «Why Pick On Me», «Riot On Sunset Strip» og «Try It».

Tidlegare i 60-åra var Dick Dodd den opphavlege trommeslagaren for The Bel-Airs, som var kjend for hitten og surferock-songen «Mr. Moto». Dodd var òg tidlegare ein del av Mouseketeer. Larry Tamblyn er bror til skodespelar Russ Tamblyn og onkel til Amber Tamblyn, stjerna i Joan of Arcadia. Lowell George, som seinare skulle spele med Little Feat, spelte ei kort stund gitar i The Standells før dei gav seg i 1968. Gary Walker, seinare i The Walker Brothers, var òg eit medlem i bandet.

Bandet var med i fleire lavbudsjettsfilmar i 1960-åra, som Get Yourself a College Girl og Riot on Sunset Strip. The Standells var og med i situasjonskomedien The Munsters i episoden «Far Out Munster».

I 1999 kom dei opphavlege bandmedlemmane i saman for ein konsert på Cavestomp festival og dette vart gjeve ut på albumet Ban This!

Bandet held framleis stundom konsertar.

Diskografi endre

  • Dirty Water 1966
  • Why Pick On Me (aka Sometimes Good Guys Don't Wear White) 1966
  • The Hot Ones! 1967
  • Try It 1967
  • Riot on Sunset Strip 1967
  • Rarities 1984
  • Recorded live at PJ's San Francisco 1964, 1990
  • Ban This! (konsertinnspeling frå 1999) 2000
  • The Live Ones (konsertopptak frå 1967) 2001

Bakgrunnsstoff endre