The Times er ei britisk avis som kjem ut dagleg over heile landet, og som tradisjonelt har vore sett på som svært etterretteleg. Ho blir i dag utgjeven av News International, eit dotterselskap av News Corporation som mediemagnaten Rupert Murdoch eig.

The Times

Formattabloidformat
Grunnlagd1785
EigararNews International, News Corporation
UtgjevarTimes Newspapers
Redaktør(ar)Tony Gallagher
Språkengelsk
Ideologiliberalkonservatisme
HovudkvarterLondon
ISSN0140-0460, 0956-1382, 1363-7746
Nettstadthetimes.co.uk

Format Endra

I over to hundre år kom The Times ut i stort avisformat. I 2004 følgde ho eksempelet til The Independent og bytta til tabloidstorleik.

Opplag Endra

Avisa hadde i november 2005 eit gjennomsnittleg dagleg opplag på 692 581, ein rekord for den noverande redaktøren Robert Thomson. Dette er høgare enn konkurrenten The Daily Telegraph i laussal, men det totale salet av Telegraph er 905 955 på grunn av rundt 300 000 abonnentar.

«Ekte» tabloidaviser hadde mykje større opplag, størst i England for The Sun med 3 274 855.

Historie Endra

Avisa blei grunnlagd i 1785 av John Walter. The Times var den første avisa som sende eigne korrespondentar utanlands, og den første som brukte krigsreportarar. W. H. Russell, som følgde den britiske hæren i Krimkrigen, fekk stor innverknad med stykkene han sende til avisa.

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: The Times
  Commons har multimedium som gjeld: The Times