The Unknown Soldier

The Unknown Soldier
Singel av The Doors
frå albumet Waiting for the Sun
B-side

«We Could Be So Good Together»

Utgjeve Mars 1968
Innspelt Februar 1968
Studio TTG Studios, Hollywood, California
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:22
Selskap Elektra
Tekstforfattar Ray Manzarek
Låtskrivar(ar) Jim Morrison
Robby Krieger
Ray Manzarek
John Densmore
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi 
«Love Me Two Times»
(1967)
The Unknown Soldier «Hello, I Love You»
(1968)


«The Unknown Soldier» var den første singelen frå The Doors-albumet Waiting for the Sun i 1968. Det vart laga musikkvideo til songen, som ein av få bandet lagde.

Songen var reaksjonen til Jim MorrisonVietnamkrigen og måten konflikten vart vist i amerikanske media på denne tida. Linjer som «Breakfast where the news is read/Television children fed/ unborn living, living dead/bullets strike the helmet's head», omhandlar korleis krigsnyhendene vart presenterte i stovene til vanlege folk. I starten, samt etter halve songen er unnagjort, kjem det mystiske lydar frå orgelet, som skildrar mysteriet kring «den ukjende soldaten».

Midtvegs i songen produserer The Doors lydar som høyrest ut som ei avretting. Det starta med militærtrommer, samt lyden av ein sersjant som held takten, fram til han seier «READY? HALT, PRESENT ARMS», etterfølgd av rifler som vert ladde, ein lang militær trommevirvel, ein pause og så geværskot. På konsertane pleidde Robby Krieger å peike gitaren mot Morrison som eit gevær, medan trommeslagar John Densmore etterlikna geværskotet med eit hardt slag, der han som regel knekte trommestikka langs kanten av tromma, medan Morrison fall skrikande til bakken. Etter den midtre delen starta versa igjen og songen endar med Morrison si ekstatiske feiring av at krigen er over.

Singelen vart den fjerde singelen til bandet på Topp 40 i USA, då han nådde 39. plass på Billboard Hot 100.

Salslister endre

Liste (1968) Plassering
US Billboard Hot 100 39

Kjelder endre