The Virginmarys er eit tre mann stort rockeband frå Macclesfield i England. Bandet vart starta i 2006 og gav ut debutalbumet sitt King of ConflictWind Up Records i februar 2013.[1][2]

The Virginmarys
OpphavMacclesfield i England
Aktiv2006 til i dag
SjangerAlternativ rock, hardrock, bluesrock, psykedelisk rock
PlateselskapCooking Vinyl
Wind Up Records
MedlemmerAlly Dickaty
Danny Dolan
Matt Rose

Biografi endre

Bandet starta i Macclesfield i 2006 etter at det førre bandet deira, The Four Tomorrows, vart oppløyst. Bandet spelte mange konsertar den første tida, mellom anna som oppvarming for Slash, Terrorvision, Skunk Anansie, Eagles of Death Metal, The View, Ash, Feeder og We Are Scientists, i tillegg til eigne konsertar.[3] Bandet gav ut ei rekkje sjølvfinansierte EP-ar i denne perioden og spelte inn det første minialbumet deira, Cast the First Stone, i 2010, produsert av Toby Jepson og miksa av Mike Fraser.[4][5]

Seint i 2011 starta bandet[6] å spele inn debutalbumet sitt, igjen med Toby Jepson som produsent (Chris Sheldon miksa albumet), og heldt fram å spele konsertar. Debutalbumet King of Conflict kom ut 4. februar 2013.

Bandmedlemmar endre

  • Ally Dickaty - solovokal, gitar (2006-)
  • Danny Dolan - trommer, korvokal (2006-)
  • Matt Rose - bass, korvokal (2009-)

Tidlegare medlemmar: Chris Birdsall - bass, korvokal (2006-2008)

Diskografi endre

EP-ar/Minialbum endre

  • Cast the First Stone (2010)
  • Just a Ride (2011)
  • Portrait of Red (2011)
  • Dead Man's Shoes (2012)

Album endre

Singlar endre

År Song Plassering Album
CAN
Rock
[7]
2012 «Dead Man's Shoes» 17 King of Conflict

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre