Opna hovudmenyen

«The Wonder of You» er ein song skriven av Baker Knight. I 1959 gav Ray Peterson songen ut på singel. Han vart ein hit for han på Billboard Hot 100, der han nådde 25. plassen. Singelen nådde òg 23. plassen i Storbritannia. Same året vart han spelt inn av Ronnie Hilton. Versjonen hans vart òg ein hit, og nådde 22. plassen på UK Singles Chart. Ray Peterson-versjonen gjekk ei kort stund inn att på Hot 100 i 1964. Tidleg i 1960-åra spelte òg The Platters inn songen, som kom ut i 1970-åra på samlealbumet The Platters – 30 Golden Hits. I 1969 spelte The Sandpipers inn eit album med same namn som inneheldt songen. Eit instrummentalalbum med same namn vart gjeven ut av Nelson Riddle i 2000.

Elvis Presley-versjonenEndra

The Wonder of You
Singel av Elvis Presley
frå albumet On Stage
B-side «Mama Liked the Roses»
Utgjeve 20. april 1970
Innspelt Februar 1970, International Hotel i Las Vegas
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Baker Knight

Elvis Presley spelte inn eit konsertopptak av «The Wonder of You» i Las Vegas i februar 1970. Songen vart gjeven ut på singel 20. april 1970, med B-sida «Mama Liked the Roses». I USA nådde begge sidene niandeplassen våren 1970 «The Wonder of You» var eina v dei mest suksessrike singlane til Presley i Storbritannia nokon gong, og toppa UK Singles Chart i seks veker sommaren det året. Han gjekk òg til topps på den irske singellista i tre veker det året. Dette var den 59. topp 40-singelen hans i karrieren. Presley nådde òg 37. plassen på US Country Singles-lista og toppen av easy listening-lista.[1]

«The Wonder of You» var ein av kring 35 songar som Elvis spelte fast på konsertane sine.

I følgje Peterson «Han [Elvis] spurte meg om han kunne få spele inn 'The Wonder of You.' Eg sa, 'Du treng ikkje be om løyve, du er jo Elvis Presley.' Han sa, 'Jo, det må eg. Du er jo Ray Peterson.'»[2]

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 196. 
  2. «David Neale - Elvis Presley The Originals». 

BakgrunnsstoffEndra