The Wrong Place

song frå 2021 med Hooverphonic
«The Wrong Place»
Song av Hooverphonic
Land Belgia
Språk Engelsk
Utgjeve 4. mars 2021
Sjanger Pop
Lengd 02:56
Selskap Universal Music
Låtskrivar(ar) Alex Callier, Charlotte Forêt

«The Wrong Place» (norsk omsetjing: «feil stad») er ein poplåt som vert framført av det belgiske bandet Hooverphonic. Songen vart utgjeven 4. mars 2021 og er komponert av bandmedlemmen Alex Callier og låtskrivaren Charlotte Fôra. Den var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]

Om songen endre

«The Wrong Place» er skriven av Alex Callier og låtskrivaren Charlotte Fôra, og den vart ikkje skriven spesielt for Eurovision Song Contest. Gruppa skildrar låten som «Hooverphonic-vintage». Då bandet høyrde låten fyrste gong, følte medlemmane ein umiddelbar effekt og fekk entusiastiske tilbakemeldingar frå vener og familie. Sidan omarbeidde dei låten, og det har vorte laga 21 miksar av den.[2]

Hooverphonic skildrar songen som å vere på ein one night stand som har bore galen av stad: «Ei kvinne vaknar opp og lurar på kva i holaste mannen ved sida av ho gjer her.»[2]

Eurovision Song Contest endre

I 2020 valde den flamske kringskastaren VRT Hooverphonic til å representere landet i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. VRT vedtok at Hooverphonic i staden skulle delta i tevlinga i 2021.

4. mars 2021 vart bidraget «The Wrong Place» spela offentleg for fyrste gong, på morgonradioshowet De Grote Peter Van de Veire Ochtendshow på radiokanalen MNM. Programmet vart leia av den flamske Eurovision-kommentatoren Peter Van de Veire.[2] Songen vart samstundes sloppen for nedlasting og strøyming.[3]

«The Wrong Place» deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 18. mai. Der kom den på niendeplass med 117 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[4][5] I finalen var «The Wrong Place» det fjerde bidraget ut på scena av 26 finalistar. Songen fekk til slutt 74 poeng enda på ein 19. plass.[6]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratop Flandern)[7] 1
Belgia (Ultratop Vallonia)[8] 27
Hellas (IFPI)[9] 94
Litauen (AGATA)[10] 15
Nederland (Single Top 100)[11] 89
Storbritannia (UK Download)[12] 77
Sverige (Heatseaker)[13] 1

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Kjelde
Diverse 4. mars 2021 Digital nedlasting, strøyming Universal Music Belgium [3]

Referansar endre

  1. «Belgium chooses 'The Wrong Place'» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 4. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Hooverphonic release "The Wrong Place", their song for Eurovision 2021» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 4. mars 2021. 
  3. 3,0 3,1 «The Wrong Place - Single by Hooverphonic» (på engelsk). Henta 4. mars 2021. 
  4. «First batch of Grand Finalists in Eurovision Song Contest 2021 includes Belgium» (på engelsk). 19. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  5. «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 13. august 2021. 
  6. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 13. august 2021. 
  7. «Hooverphonic - The Wrong Place - ultratop.be». Henta 13. august 2021. 
  8. «Hooverphonic - The Wrong Place - ultratop.be». Henta 13. august 2021. 
  9. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 21/2021» (på gresk). IFPI.gr. Arkivert frå originalen 8. juni 2021. Henta 8. juni 2021. 
  10. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.» (på litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  11. Hung, Steffen. «Hooverphonic - The Wrong Place». Henta 13. august 2021. 
  12. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 29. mai 2021. 
  13. «Veckolista Heatseeker, vecka 21» (på svensk). Henta 13. august 2021.