Opna hovudmenyen

Theodor Bernhoft Osa (fødd 1904 i Kristiansand, død 1986) var ein norsk radiojournalist, og ein av pionerane i Norsk rikskringkasting. Osa var son av kunstmålaren Lars Osa og bror til meisterspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa. Han var den første NRK-journalisten på Vestlandet, og mellom dei fyrste til å nytte nynorsk i reportasjane.

Theodor Bernhoft Osa
Fødd 1904
Død

1986

Yrke journalist

Osa var nestleiar ved Bergen-avdelinga i NRK fram til 1956. Då han søkte den ledige leiarstillinga der, valde NRK-styret å tilsetje bokmålsmannen Frank Meidell Falck. Dette skapte protestar hjå målfolket, og saka gjekk heilt opp til Stortinget. Osa sa like etter opp jobben sin i rikskringkastinga, og i 1958 kjøpte han ein einbølt gard ved Leirvik i Hyllestad i Sogn.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra