There & Back av Jeff Beck
There & Back Studioalbum av Jeff Beck | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1980 | |
Innspelt | 1979 | |
Studio | Ramport Studios in London[1] | |
Sjanger | Jazzfusion, instrumental rock | |
Lengd | 35:39 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Jeff Beck, Ken Scott | |
Jeff Beck-kronologi | ||
---|---|---|
Jeff Beck with the Jan Hammer Group Live (1977) |
There & Back | Flash (1985) |
Singlar frå There & Back | ||
|
There & Back er eit studioalbum av gitaristen Jeff Beck, gjeve ut i juni 1980 på Epic Records.[3] Albumet nådde 10. plassen på den amerikanske Billboard Jazz Albums-lista og 21. plassen på Billboard 200,[4] og 36. plassen på Sverigetopplistan.[5]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Albumet er instrumentalt og går meir i retning av instrumental rock, samstundes som det har nokre av jazzfusion-elementa frå dei to førre utgjevingane, Blow by Blow (1975) og Wired (1976). «Star Cycle» vart nytta som kjenneningsmelodi i mange år for både Mid-South Wrestling i USA og det britiske musikkprogrammet The Tube. «The Pump» vart nytta i filmen Risky Business i 1983. «Too Much to Lose» er ein instrumental coverversjon av ein song skriven av klaverspelaren Jan Hammer.
Innhald
endreNr. | Tittel | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Star Cycle» | Jan Hammer | 4:59 |
2. | «Too Much to Lose» | Hammer | 2:59 |
3. | «You Never Know» | Hammer | 4:03 |
4. | «The Pump» | Tony Hymas, Simon Phillips | 5:50 |
Nr. | Tittel | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «El Becko» | Hymas, Phillips | 4:01 |
6. | «The Golden Road» | Hymas, Phillips | 4:58 |
7. | «Space Boogie» | Hymas, Phillips | 5:10 |
8. | «The Final Peace» | Jeff Beck, Hymas | 3:38 |
Total lengd: | 35:39 |
Medverkande
endre- Jeff Beck – gitar, produsent
- Jan Hammer – klaverinstrument (spor 1–3), trommer (spor 1)
- Tony Hymas – klaverinstrument (spor 4–8)
- Simon Phillips – trommer (spor 2–7)
- Mo Foster – bass
- Ken Scott – produksjon
Salslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1980 | Billboard Jazz Albums | 10[4] |
Billboard 200 | 21[4] | |
Swedish albums chart | 36[5] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «There & Back (Jeff Beck album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Jeff Beck Part 2». Guitar Tricks. Henta 2015-12-29.
- ↑ «Jeff Beck - The Final Peace (song)». finnishcharts.com. Hung Medien. Henta 6. juli 2018.
- ↑ 3,0 3,1 Ruhlmann, William. «There and Back - Jeff Beck». AllMusic. All Media Network. Henta 6. juli 2018.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «There and Back - Jeff Beck | Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 6. juli 2018.
- ↑ 5,0 5,1 «Jeff Beck - There and Back (album)». finnishcharts.com. Hung Medien. Henta 6. juli 2018.