Therese Johaug
Therese Johaug (fødd 25. juni 1988) er ein norsk langrennslaupar frå Dalsbygda i Os i Hedmark. Ho representerer idrettslaget IL Nansen. Ho vart olympisk meister i 4 X 5 km stafett for kvinner i OL i Vancouver i 2010. På VM i Holmenkollen 2011 gjekk ho inn til bronsemedalje på 15 km dobbel jaktstart og etter ein kraftprestasjon greidde ho gull på 30 km. Therese Johaug tok dermed gull på «heimebane».
Therese Johaug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. juni 1988 Dalsbygda |
Idrett | langrenn |
Yrke | langrennsløpar |