Periferieininga Thessaloníki
Periferieininga Thessaloníki Περιφερειακή ενότητα Θεσσαλονίκης | |
---|---|
![]() | |
Periferi | Sentral-Makedonía |
Hovudstad | Thessaloníki |
Folketal | 1 110 551 (2011[1]) Rangering 2. |
Areal | 3 683 km² Rangering 9. |
Folketettleik | 302/km² |
Kommunar | 14 |
Postnummer | 54x xx - 57x xx |
Retningsnummer | 2310, 239x0 |
Bilnummer | N |
Heimeside | www.nath.gr |
Periferieininga Thessaloníki (gresk Περιφερειακή ενότητα Θεσσαλονίκης, Periferiakí enótita Thessaloníkis) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Thessaloníki. Periferieininga er den nest folkerikaste i Hellas og det største i Makedonia og Nord-Hellas.
Geografi Endra
Periferieininga strekkjer seg frå Thermaikósbukta i sørvest til Strymónasbukta i aust. Nord i periferieininga ligg Koróniasjøen sentralt og Vólvisjøen i aust. Fjellområde dekkjer dei sentrale og nordlege delane av periferieininga, medan jordbruksområde ligg i vest, sørvest og enkelte stader i nordaust, samt i dalen langs elva Axiós (Vardar). Av fjell finn ein Khortiátis i vest, Vertískos i nord og delar av Kerdýlliafjella i nordaust. Periferieininga grensar til Imathía i sørvest, Pélla i vest, Kilkís i nord, Sérres i aust og Khalkidikí i sør.
Historie Endra
Thessaloníki prefektur vart danna då Thessaloníki vart ein del av Hellas under den første balkankrigen i 1913. Området var då det største prefekturet i Hellas og dekte 7 % av det totale arealet. Pélla vart skild ut i 1930, Kilkís i 1937 og etter den andre verdskrigen, i 1947, vart Imathía og Piería òg skild ut. Det var likevel det nest største prefekturet i Hellas, og det største i Makedonia og Nord-Hellas. Frå 2011 er det tidlegare prefekturet ei periferieining.
Klima Endra
Thessaloníki har middelhavsklima med varme somrar og kjølige til milde vintrar i lågtliggande område. Snø er derimot vanleg i område over 500 m.
Administrativ inndeling Endra
Tidlegare var Thessaloníki eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i 14 kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Thessaloníki | Thessaloníki | Thessaloníki | 54x xx & 55x xx | 2310-2 til 6 |
Triandriá | 553 | 2310-90 til 99 | ||
Kalamariá | Kalamariá | 551 | 2310-40 til 49 | |
Neápoli-Sykiés | Ájos Pávlos | 554 | 2310-20 & 21 | |
Neápoli | 562 | 2310-60 til 68 | ||
Pévka | 570 10 | 2310-67 | ||
Sykiés | 566 | 2310- 20 til 29 og 60 til 69 | ||
Pávlos Melás | Stavroúpoli | 564 | 2310-60 til 69 | |
Políkhni | 565 | 2310-60 til 68 | ||
Evkarpía | 564 | 2310-68 | ||
Ambelókipi-Meneméni | Ambelókipi | 561 | 2310-72 til 74 | |
Meneméni | 561 | 2310-70 til 79 | ||
Kordelió-Évosmos | Elevthério-Kordelió | 562 | 2310-70 til 77 | |
Évosmos | 562 | 2310-57 og 70 | ||
Délta | Axiós | 573 00 | 23910-4 | |
Khalástra | 573 00 | 2310-742 | ||
Ekhédoros | 570 08 | 2310-78 | ||
Khalkidóna | Ájos Athanásios | 570 03 | 2310-70 | |
Koufália | 571 00 | 23950-5 | ||
Khalkidóna | 570 07 | 23910- | ||
Oreókastro | Oreókastro | 570 13 | 2310-69 | |
Mygdonía | 545 | 23940-73 | ||
Kallithéa | 545 | 2310-78 | ||
Langadás | Sokhós | 570 05 | 23950- | |
Ássiros | 572 00 | 23940-6 | ||
Kallíndia | 570 12 | 23930-3 | ||
Korónia | 570 12 | 23930-2 | ||
Vertískos | 572 00 | 23940-9 | ||
Langadás | 572 00 | 23940-2 | ||
Lakhanás | 570 14 | 23940-9 | ||
Pyléa-Khortiátis | Panórama | 552 | 2310-34 | |
Pyléa | 552 | 2310-30 til 39 | ||
Khortiátis | 570 10 | 2310-35 | ||
Vólvi | Ájos Jeórjos | 570 21 | 23970-2 | |
Apollonía | 570 15 | 23930-4 | ||
Aréthousa | 570 21 | 23950-4 | ||
Egnatía | 573 00 | 23930-5 | ||
Mádytos | 570 14 | 23970-4 | ||
Rendína | 570 10 | 23970-6 | ||
Thérmi | Vasiliká | 570 06 | 23960-2 | |
Thérmi | 570 01 | 2310-41 | ||
Míkra | 575 00 | 23920-6 | ||
Thermaikós | Epanomí | 575 00 | 23920-4 | |
Mikhanióna | 570 04 | 23920-3 | ||
Thermaikós | 570 19 | 23920-2 |
Byar og tettstader Endra
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
1 Til byområdet for Thessaloníki er rekna kommunane Thessaloníki, Kalamariá, Neápoli-Sykiés, Pávlos Melás, Ambelókipi-Meneméni, Kordelió-Évosmos og kommunaleininga Pyléa i kommunen Pyléa-Khortiátis.
Referansar Endra
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelde Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Thessaloniki Prefecture frå Engelsk Wikipedia .