Opna hovudmenyen
Thick as a Brick
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 3. mars 1972[1]
Innspelt Desember 1971
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 43:46
Selskap Chrysalis (Europa)
Reprise (Amerika, Japan og Oseania)
Produsent Ian Anderson, Terry Ellis
Jethro Tull-kronologi
Aqualung
(1971)
Thick as a Brick Living in the Past
(1972)


Thick as a Brick er det femte studioalbumet av det engelske progrockbandet Jethro Tull, utgjeve i 1972. Heile albumet består berre av ein enkelt song: det 44 minuttar lange tittelsporet. Thick as a Brick vart laga som ein parodi på eit konseptalbum. Den originale innpakninga var forma som ei avis der det vart hevda at albumet var ei musikalsk utgåve av eit episk dikt lag av ein (fiktiv) åtte år gammal gut, sjølv om det var frontmannen Ian Anderson som i røynda hadde skrive teksten.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Christgau's Record GuideC–[3]
Musichound Rock: The Essential Album Guide4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[4]
Record Collector4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The Rolling Stone Album Guide (1979)5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
The Daily VaultA[7]

Om albumetEndra

Thick as a Brick var det første verkeleg progressive rockestykket til Jethro Tull og kom ut fire år etter debutalbumet. Det episke albumet er kjend for dei mange musikalske temaa, taktendringane og temposkifta, alt dette vanleg i den progressive rocken som var på veg fram på denne tida. I tillegg vart det nytta instrument som cembalo, xylofon, pauke, fiolin, lutt, trompet, saksofon og ein strykeseksjon, alle uvanleg i blues-basert rock.

Frontmannen Ian Anderson var overraska over at så mange meinte at det førre albumet deira, Aqualung, var eit konseptalbum, noko han hardnakka hevda det ikkje var. I eit intervju på In the Studio with Redbeard svart Anderson: «Om kritikarane ønskte eit konseptalbum, så skulle me gje dei mora til alle konseptalbum og lage det så bombastisk og så 'over the top'.»[8] Ian Anderson har sagt at Thick as a Brick vart skriven «fordi alle sa me var eit progressivt rockeband, så me valte å leve opp til ryktet og skrive eit progressivt album, men gjort som ein parodi på sjangeren.» Med Thick as a Brick skapte bandet eit album så med fullt overlegg integrert kring eit konsept: eit dikt av ein intelligent engelsk gut (Gerald) om det å vekse opp. Utanom dette var albumet ein parodi på alle pretensiøse «konseptalbum». «Thick as a brick» er på engelsk det som på norsk tilsvarar «tjukk i hovudet», altså dum.[9])

So you ride yourselves over the fields and
you make all your animal deals and
your wise men don't know how it feels to be thick as a brick.

Ian Anderson (1972)

Anderson sa òg i intervju at «albumet var ein parodi på album av Yes og Emerson, Lake & Palmer, på liknande måte som filmen Hjelp vi flyr! var ein parodi på Airport.» Formelen vart ein suksess og albumet gjekk heilt til topps i USA.

3. april 2012 gav Ian Anderson ut oppfølgjaren "Thick As a Brick 2", eit framhald av historia om Gerald Bostock.

KonsertframføringarEndra

Frå mars 1972 spelte bandet det meste av albumet (utanom delar av side to) på turné i nesten heilt år. Stykket varte stundom kring 90 minuttar, sidan dei instrumentale mellomspela vart forlenga og instrumentalane «God Rest Ye Merry Gentlemen»/«Bouree» vart spelt som ein del av stykket. Mot slutten av det som var side ein på LPen sette dei inn ein fem minuttar seksjon med «nyhende og vêr», noko som gav bandet (og publikum) ein pause frå den kontinuerlege musikken. På konsertar i Tyskland og Italia vart dette presentert på høvesvis tysk og italiensk. Framføringa av side to av LPen vart utvida med ein lang trommesolo. Resten av setlista bestod hovudsakleg av «Cross-Eyed Mary», «A New Day Yesterday», «Aqualung», «Wind-Up», «Martin's Guitar Solo», «Locomotive Breath» og «Wind-Up (Reprise)». Seinare konsertframføringar av «Thick as a Brick» var ein forkorta versjon av den første sida, som ein kan høyre det på konsertalbumet Bursting Out (1978).

I 2012 framførte Ian Anderson heile albumet på turneen sin det året.[10]

PlateomslagetEndra

Det originale LP-omslaget vart forma som ei engelsk lokalavis kalla The St. Cleve Chronicle and Linwell Advertiser, med artiklar, konkurransar, annonser med parodiar på lokale og amatørmessige journalistar. Avisa inneheld mange interne ordspel og skjulte spøkar, ei overraskande ærleg melding av sjølve albumet og ein prikk-til-prikk-teikning.[11] Avisa var datert 7. januar 1972 og inneheld òg heile teksten til «Thick as a Brick» (trykt på side 7) som er presentert som eit dikt skriven av den åtte år gamle vedunderguten Gerald Bostock, som visstnok skal ha vorte diskvalifisert frå ein diktkonkurranse. Denne saka er hovudoppslaget på framsida av avisa. Artikkelen hevdar at Bostock opphavleg vann konkurransen med «Thick as a Brick», men at avgjersla til domarane vart kalla attende då det kom mange protestar og trugslar vedrørande det støytande innhaldet i diktet, i tillegg til påstandar om at guten var psykisk ustabil. Gjennom avisa finn ein mange artiklar med subtile referansar til teksten, til Gerald Bostock, til Jethro Tull, og til andre merkelege delar av sjølve avisa. Den satiriske avisa vart kraftig forkorta for CD-heftet, medan 25-årsjubileumsutgåva har eit hefte som er mykje nærare originalen, medan boks-versjonen er nesten identisk den originale avisa.

InnhaldEndra

All tekst skriven av «Gerald Bostock» (Ian Anderson), all musikk komponert av Ian Anderson.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Thick as a Brick, Part I»   22:40
Side to
# Tittel Lengd
2. «Thick as a Brick, Part II»   21:06
Bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
3. «Thick as a Brick» (Konsertoppta frå 1978 i Madison Square Garden) 10:50
4. «Interview with Jethro Tull» (Ian Anderson, Martin Barre og Jeffrey Hammond-Hammond) 16:30
40-årsjubileumsutgåva frå 2012 CD1: Steven Wilson sin nye stereomiks av albumet
# Tittel Lengd
1. «Thick as a Brick, Part I»   22:44
2. «Thick as a Brick, Part II»   20:54
40-årsjubileumsutgåva frå 2012 DVD: Steven Wilson sin 5.1 kringlyd- og stereomiks, og flat overføring frå original stereomiks av albumet og radioreklame frå 1972
# Tittel Lengd
1. «Thick as a Brick, Part I» (5.1 Surround Mix) 22:44
2. «Thick as a Brick, Part II» (5.1 Surround Mix) 20:54
3. «Thick as a Brick, Part I» (2012 Stereo Mix) 22:44
4. «Thick as a Brick, Part II» (2012 Stereo Mix) 20:54
5. «Thick as a Brick, Part I» (Original Stereo Mix) 22:44
6. «Thick as a Brick, Part II» (Original Stereo Mix) 20:54
7. «1972 Radio Ad»    
Digital utgåve av 40-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
1. «Really Don't Mind / See There a Son Is Born»   5:00
2. «The Poet and the Painter»   5:29
3. «What Do You Do When the Old Man's Gone? / From the Upper Class»   5:25
4. «You Curl Your Toes in Fun / Childhood Heroes / Stabs Instrumental»   6:48
5. «See There a Man Is Born / Clear White Circles»   5:58
6. «Legends and Believe in the Day»   6:34
7. «Tales of Your Life»   5:24
8. «Childhood Heroes Reprise»   2:56

MedverkandeEndra

Jethro Tull
Andre medverkande

SalslisterEndra

År Liste Plassering
1972 Australske album (Kent Music Report)[12] 1
1972 Kanadiske album (RPM)[13] 1
1972 Den danske albumlista (Sporlisteen)[14] 1
1972 Tyske album (Media Control)[15] 2
2012 Tyske album (Media Control)[16]
40th Anniversary Collector's Edition
53
1972 Italienske album (FIMI)[17] 2
2015 Italienske album (FIMI)[18]
The Steven Wilson 2012 Stereo Remix
77
1972 Nederlandske album (MegaCharts)[19] 3
1972 Norske album (VG-lista)[20] 3
1972 UK Albums Chart (OCC)[21] 5
1972 US Billboard 200[22] 1

SalstroféEndra

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1972 Gull (+ 500 000)

I popkulturenEndra

I 1983 gav Chrisye ut ein kassett kalla Resesi med eit cover inspirert av albumet.

Mot slutten av The Simpsons-episoden «Girls Just Want to Have Sums» syng Martin Prince «Thick as a Brick» fram til Lisa Simpson slår han med ei samanleggbar stol. Den faktiske songen vert spelt under rulleteksten.

Hyundai nytta songen i ein reklame tidleg i 2000-åra

2012-oppfølgjaren: Thick As a Brick 2: Whatever Happened to Gerald Bostock?Endra

I 2012 kom oppfølgjaren TAAB2: Whatever Happened To Gerald Bostock?, gjeven ut som eit soloalbum av Ian Anderson. Albumet omhandlar kva som skjedde med Gerald Bostock seinare i livet. Albumet skildra fem forskjellige scenario, der han vert ein grådig bankmann, ein heimlaus homoseksuell mann, ein soldat i krigen i Afghanistan, ein skinnheilag evangelist og ein vanleg mann som driv ein hjørnebutikk og er gift og barnlaus. Medan originalalbumet berre består av ein enkelt song, består Thick As a Brick 2 av 17 separate songar slått saman til 13 spor.

ListerEndra

År Liste Plassering
1972 Billboard 200 1
Australia

KjelderEndra

  1. «Tull Tour». Melody Maker. 4. mars 1972. Henta 2. mars 2017. 
  2. Eder, Bruce. «Jethro Tull – Thick as a Brick review». AllMusic. All Media Network. Henta 6. mai 2019. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: J». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 6. mai 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. «Thick as a Brick – Jethro Tull». Superseventies.com. Henta 6. mai 2019. 
  5. Rathbone, Oregano (December 2012). «Jethro Tull – Thick as a Brick». Record Collector (408). Henta 6. mai 2019. 
  6. Marsh, Dave (12. november 1979). «Jethero Tull – Thick as a Brick». The Rolling Stone Album Guide (1 utg.). New York City, New York: Random House. ISBN 978-0-394-73535-1. 
  7. McDonald, Riley (2019). «The Daily Vault Music Reviews: Thick as a Brick». dailyvault.com. Henta 6. mai 2019. 
  8. «Acoustic Guitar Central - An interview with Ian Anderson». Henta 15. september 2012. 
  9. "Thick as a brick" in Wikictionary
  10. «"Thick as a Brick" Played in Special 2012 Tour». 
  11. Thick as a Brick - The Official Jethro Tull Website
  12. David Kent (1993). Australian Chart Book 1970 – 1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 978-0-646-11917-5. 
  13. «RPM Top Albums – Volume 17, No. 19 24. juni 1972». Library and Archives Canada. Henta 6. mai 2019. 
  14. «Thick as a Brick – Jethro Tull» (på dansk). Danskehilister.dk. Henta 6. mai 2019. 
  15. "Jethro Tull - Thick as a Brick". Charts.de. Media Control. Henta 6. mai 2019.
  16. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 6. mai 2019.
  17. «Gli album più venduti del 1972» (på italiensk). Hit Parade Italia.it. Henta 6. mai 2019. 
  18. "Jethro Tull – Thick as a Brick – The Steven Wilson 2012 Stereo Remix". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 6. mai 2019.
  19. "Jethro Tull – Thick as a Brick". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 6. mai 2019.
  20. "Jethro Tull – Thick as a Brick". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 6. mai 2019.
  21. «Jethro Tull: Official Charts». The Official Charts Company. Henta 21. april 2012. 
  22. «Thick as a Brick Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 6. mai 2019. 

BakgrunnsstoffEndra