Thijs van Leer

nederlandsk songar

Thijs van Leer (fødd 31. mars 1948) er ein nederlandsk musikar, songar, låtskrivar, komponist og produsent, mest kjend for å ha skipa rockebandet Focus der han var den fremste vokalisten, klverspelaren og fløytespelaren. Han var fødd og voks opp i Amsterdam i ein musikalsk familie og byrja å spele piano og fløyte då han var barn og studerte musikk på universitet og musikkakademi.

Thijs van Leer

van Leer i 2014
Fødd31. mars 1948 (76 år)
FødestadAmsterdam
OpphavAmsterdam i Nederland
AktivSidan 1967
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
  • Trio Thijs van Leer
  • Focus
  • Conxi
  • Pedal Point
  • Van Leer
Plateselskap
Verka somsongar, pianist, låtskrivar, organist, fløytist
BornBerenice van Leer
Prisarridder av Ordenen av Orange-Nassau, Zilveren Harp

Frå 1967 til 1969 spelte van Leer i ei kabaretgruppe leia av Ramses Shaffy som korvokalist og musikar, spelte inn singlar som soloartist, og produserte, arrangerte og dirigerte musikk for Bojoura. Han skipa Trio Thijs van Leer, eit tremanns rockeband som utvikla seg til Focus seint i 1969 då gitaristen Jan Akkerman kom inn i bandet. Focus fekk internasjonal suksess med Moving Waves (1971) og singelen der i frå, «Hocus Pocus», der van Leer jodlar og plystrar. Etter fleire album med forskjellige besetninga vart Focus oppløyst i 1978, men han starta bandet opp att i 2002.

Van Leer fekk suksess som soloartist i Nderland. Dei første to soloalbuma hans med tverrfløyte, Introspection (1972) og Introspection 2 (1975), selde totalt kring 1,2 millionar eksemplar. Han har samarbeidd med forskjellige artistar og er framleis aktiv. I 2008 vart han slått til riddar av Orange-Nassau-ordenen for musikkarrieren sin.

Diskografi endre

Soloalbum

  • Introspection (1972)
  • O My Love (1975)
  • Introspection 2 (1975)
  • Musica per la Notte di Natale (1976)
  • Introspection 3 (1977)
  • Nice to Have Met You (1978)
  • Introspection 4 (1979)
  • Collage (1980)
  • Pedal Point: Dona Nobis Pacem' (1981)
  • Reflections (1981)
  • Focus (med Jan Akkerman) (1985)
  • Renaissance (1986)
  • I Hate Myself (For Loving You) (1987)
  • Introspection 92 (1992)
  • Musical Melody (1994)
  • Bolero (1996; CD-utgåve av Reflections med to ekstra spor)
  • Summertime (1996)
  • Joy to the World (1996)
  • Instrumental Hymns (1997)
  • The Glorious Album (1999; gjeve ut på ny i 2000 som 12 Mooiste Liederen (12 Most Beautiful Songs))
  • Bach for a New Age (1999)
  • Etudes Sans Gêne (2006; avgrensa DVD)
  • The Home Concert (2008)
  • Trading Boundaries Live Vol.1 (2015)


med Thomas Blug Band
  • Guitar From The Heart/Live (2005; DVD)
  • Guitar From The Heart – Live in Raalte, NL (2005)
  • Soul & Pepper (2009)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Thijs van Leer