Thomas Augustine Arne

britisk komponist
(Omdirigert frå Thomas Arne)

Thomas Augustine Arne (12. mars 17105. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjend for den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — mellom anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjend for å ha sett musikk til mange songar frå skodespela åt William Shakespeare.

Thomas Augustine Arne

Thomas Augustine Arne (17101778)
Fødd12. mars 1710
FødestadLondon
Død5. mars 1778 (68 år)
DødsstadLondon
OpphavKongeriket Storbritannia, Storbritannia
PeriodeKlassisismen
Verka somKomponist
FarThomas Arne
Gift medCecilia Young
BornMichael Arne

Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hadde slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fekk utdanninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidleg i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav han rikeleg høve til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist.

Søstera hans Thomas, Susannah Maria Arne, var ein vidkjend altsongar og var med på framføringane av nokre av verka hans, inkludert oppføringa av den første operaen hans, Rosamund, i 1733. Ho hadde lært å syngje av bror sin og hadde opptredd første gong med han i 1732 saman med bror deira Richard. I 1736 gifte Thomas Arne seg med ei anna songarinne, Cecilia Young (søster av Isabella Young, som gifte seg med komponisten John Frederick Lampe). Operaene og maskeradane frå Arne vart svært populære og han fekk patronasje av kronprins Frederick. I heimen åt kronprinsen, Cliveden, vart Masque of Alfred, som inneheldt songen «Rule, Britannia!» uroppført.

I 1750, etter ein krangel med David Garrick, forlét Susannah Drury Lane og byrja ved Covent Garden Theatre i staden, og bror hennar følgde etter. I 1755 separerte han seg frå kona si, som han hevda var mentalt sjuk. I mellomtida hadde han teke opp eit forhold med ein av elevane sine, ei Miss Brent, som var med på oppføringane av nokre av verka hans. Ho gifte seg seinare med ein fiolinist. I 1777, kort tid føre han døydde, forsona han og kona seg. Dei hadde ein son, Michael Arne.

Kjelder endre