Thomas Byberg

norsk skeiseløpar

Thomas Hedvin Byberg (18. september 191613. oktober 1998) var ein norsk skeiseløpar frå Hommelvik som vann ein sølvmedalje på 500 meter under Vinter-OL 1948.

Thomas Byberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1916
Hommelvik
Død 13. oktober 1998 (82 år)
Trondheim, Hommelvik
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1948, EM på skøyter 1946, herrer

Byberg deltok i arbeidar-europameisterskapane på Bislett stadion i 1935 og Frogner stadion i 1936, begge i Oslo. I den siste meisterskapen kom han på sjetteplass.

Byberg var ein utprega sprintar. Såleis sigra han på 500-meteren ved europameisterskapen 1946, medan han i Skeise-NM 1947 og 1948 vart høvesvis nummer 2 og 1. Under dei olympiske vinterleikane 1948 i St. Moritz gjekk Byberg i eit seint par på 500 meter, på sannsynlegvis dårlegare is enn dei fleste konkurrentane. Likevel lukkast han kome i mål på tida 43,2, likt med to andre utøvarar og berre ein tidels sekund bakom gullvinnaren Finn Helgesen.

Kjelder

endre