Thomas Mathews (16761751) var ein britisk admiral. Mathews gjekk tidleg inn i marinen og vart løytnant i 1699 og kaptein i 1703.

Thomas Mathews

Statsborgarskap Wales, Kongeriket Storbritannia
Fødd oktober 1676
Glamorgan
Død

2. oktober 1751
London

Yrke marineoffiser, politikar
Språk engelsk
Thomas Mathews på Commons

Under den korte kvadrupelalliansekrigen mot Spania (1718-20) kommanderte han slagskipet «Kent» i flåten til George Byng. Han deltok i slaget ved Kapp Passaro i 1718, og vrå 1722 til 1724 kommanderte han ein liten skvadron som vart send til Austindia for å drive bort sjørøvarar ved Malabarkysten. I mars 1741 hamna i Middelhavet og vart utnemnd til admiral, noko som vart sett på som rart sidan han aldri hadde utmerkt seg på noko måte og hadde liten erfaring. I tillegg kom han dårleg overeins med hans nestkommanderande, Richard Lestock. 22. og 23. februar 1744 deltok han i slaget ved Toulon mot franske og spanske skip under den austerrikske arvefølgjekrigen. Slaget vart eit nederlag for britane, sjølv om dei hadde fleire skip. Slaget var likevel viktig for britane fordi det synte at strategiane deira hadde vore ineffektive og dårlege. Fleire av kapteinane, inkludert Mathews og Lestock, vart stilt for krigsrett. Lestock vart frikjend, sjølv om han hamna så langt bak dei andre skipa at han ikkje hadde delteke i slaget, medan Mathews vart frådømd stillinga si.

Kjelder endre