Thomas Natvig
Thomas Natvig (5. september 1803–25. august 1890) var ein norsk skipper, hamnefut og stortingsmann frå Kristiansand.
Thomas Natvig | |||
Fødd | 5. september 1803 | ||
---|---|---|---|
Død | 25. august 1890 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Natvig var son til ein koffardiskipper som døydde i krigsfangenskap i England. Han vart sjølv sjømann, og var skipper til 1843. I 1841 førte han barken «Ledaal» til Batavia, og skal ha vore den fyrste skipperen som viste det norske flagget i Ostindia.
År 1843 flytta Natvig til Stavanger, der han var navigasjonslærar til dess han i 1852 fekk ei stilling i tollverket. Allereie året etter vart han hamnefut og losoldermann i Stavanger, frå 1855 også innrulleringsbetjent.
Natvig var valmann frå 1847 til -73. Sjølv representerte han Stavanger på Stortinget 1851, 1857, det overordentlege Storting 1858 og 1859-60-tinget. I alle stortingssesjonane var han medlem av næringskomite nr 2, frå 1857 var han også medlem av Lagtinget. I 1856 og 1861 var Natvig medlem av kongelege kommisjonar som handsama høvesvis styrmannseksamenen og loslova.
I Stavanger er Thomas Natvig heidra med Losoldermann Natvigs vei som ligg på Kampen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914