Thomas Tomkins (15729. juni 1656) var ein walisisk-fødd komponist frå seint i Tudor og tidleg i Stuart-tida. I tillegg til å vere eit viktig medlem av den engelske madrigalskulen, var han ein dyktig komponist for klaver og ensemble, og han var det siste medlemmet i den engelske virginal-skulen.

Thomas Tomkins
Fødd1572
FødestadSt. David's i Pembrokeshire i England
Død9. juni 1656 (84 år)
DødsstadMartin Hussingtree, Worcester i England
OpphavKongeriket England
PeriodeBarokken
Aktiv1601-1654
SjangerVokalmusikk, klavermusikk, kormusikk
Verka somKomponist
BornNathaniel Tomkins

Liv endre

Tomkins vart fødd i St David's i Pembrokeshire i 1572. Faren, Thomas, hadde flytta der i 1565 frå familieheimen i Lostwithiel i Cornwall[1], og var klokkar og organist i St David's domkyrkje. Tre av dei yngre halvbrørne til Thomas, John, Giles og Robert, vart òg kjende musikarar, men ingen av dei vart like kjende som Thomas. Ved 1594, men kanskje så tidleg som i 1586, hadde Thomas og familien hans flytta til Gloucester, der faren vart tilsett ved domkyrkja der. Thomas studerte nesten heilt sikkert under William Byrd ein periode, for ein av songane hans, «Too much I once lamented» (1622) har inskripsjonen: Til min gamle og ærbødige meister, William Byrd og det kan ha vore i denne perioden, sidan Byrd leigde ein eigedom ved Longney, nær Gloucester. Sjølv om ein ikkje har dokument som syner dette, er det òg mogeleg at Byrd var avgjerande i å skaffe Thomas ein plass i koret i Chapel Royal.[2] I alle fall måtte tidlegare koristar i Chapel Royal ha gått på universitetet, medan Tomkins gjekk på Magdalen College i Oxford i 1607.

 
Worcester Cathedral

Alt i 1596 hadde han vorte tilsett som organist og kormeister ved Worcester domkyrkje. Året etter gifta han seg med Alice Patrick, ei enke som hadde vore gift med Nathaniel, som døydde i 1595, og som hadde vore føregangaren til Tomkins i Worcester. Den einaste sonen til Thomas, Nathaniel, vart fødd i Worcester i 1599, der han budde resten av livet og vart ein respektert musikar.

Tomkins kjende utan tvil Thomas Morley, som òg var ein elev av Byrd, for den signerte kopien av publikasjonen til Morley, Plaine and Easie Introduction to Practicall Musicke (1597) er bevart, i lag med mange av merknadane til Thomas[3]; og i 1601 inkluderte Morley ein av madrigalane til Tomkins i den viktige samlinga si The Triumphs of Oriana.

I 1612 hadde Tomkins oppsyn med bygginga av eit nytt flott orgel av Thomas Dallam i Worchester domkyrkje, den beste orgelbyggjaren i dei dagar. Han skreiv fleire hymer og samlinga hans på 28 madrigalar, Songs of 3, 4, 5 og 6 parts vart omsider publisert i 1622 med eit dikt av halvbroren John Tomkins (ca.1587-1638), no organist i King's College i Cambridge (seinare i St Paul's og Chapel Royal).

Rundt 1603 vart Thomas ein Gentleman Extraordinary i Chapel Royal. Dette var ein æresstilling, men i 1621 vart han ein Gentleman Ordinary og organist under venen og organisten Orlando Gibbons. Pliktene som var knytte til denne posten omfatta fleire reiser mellom Worcester og London, som Tomkins gjorde fram til kring 1639.[4][1] Arkivert 2012-02-20 ved Wayback Machine.

Jakob I døydde i 1625 måtte Tomkins, og dei andre Gentlemen i Chapel Royal, skaffe musikk til både gravferda til Jakob og til kroninga av Karl I. Desse store oppgåvene vart for mykje for Orlando Gibbons, som døydde av slag i Canterbury, der Karl skulle møte den framtidige brura si, Henrietta Maria av Frankrike, noko som gjorde at belastinga på Tomkins vart større. På grunn av pest vart kroninga utsett til februar 1626, noko som gav Tomkins tid til å komponere det meste av dei åtte hymnene som vart sungen under seremonien.[5]

I 1628 vart Tomkins utnemnd som «Komponist av daglegdags musikk for kongen» med ei årsløn på £40. Han overtok stillinga etter Alfonso Ferrabosco den yngre som døydde i mars dette året. Men denne prestisjefylte stillinga, som var den mest ærerike ein engelsk musikar kunne få, vart raskt trekt tilbake sidan han var lovd bort til sonen til Ferrabosco. Denne dårlege behandlinga var berre den første i ei rekkje motbører som møtte komponisten dei siste fjorten åra av livet hans. Han heldt likevel fram med dei todelte pliktene sine i Worcester og London fram til 1639.

Kona Alice døydde i 1642, same året som den engelske borgarkrigen braut ut. Worcester var ein av dei første byane som vart råka. Domkyrkja vart rasert og orgelet til Tomkins vart stygt skadd av parlamentarikarane. Året etter vart huset til Tomkins, som stod ved sidan av domkyrkja, treft av ei kanonkule, og lenge var det ikkje mogeleg å bu der. Dei fleste hushaldningsartiklane hans vart øydelagde og truleg mange av manuskripta hans. På denne tida gifta Tomkins seg på ny med Martha Browne, enke etter klokkaren i Worcester domkyrkje.

Fleire konfliktar og ei omleiring i 1646 gjorde stor skade på byen. Koret var oppløyst og domkyrkja stengd, så Tomkins nytta dei kreative evnene sine til å komponere klaver- og ensemblemusikk. I 1647 kom ein sein tombeau eller hyllst til Thomas Wentworth, 1. jarl av Strafford og ein anna til minne om William Laud, erkebiskopen av Canterbury. Begge vart halshogde i 1641 og begge var beundra av Tomkins. Karl I vart avretta i 1649 og eit par dagar seinare komponerte Tomkins, som alltid var rojalist, Sad Pavan: for these distracted times. Den andre kona hans Martha døydde kring 1653, og utan jobb var Tomkins, som no var 81 år gammal, i store økonomiske vanskar. I 1654 gifta sonen Nathaniel seg med Isabella Folliott, ei rik enke, og Thomas flytta inn hos dei i Martin Hussingtree, nokre kilometer frå Worcester. Han uttrykte takksemd ved å komponere Galliard, The Lady Folliot's til Isabella. To år seinare døydde han og vart gravlagd i kyrkjegarden i Martin Hussingtree den 9. juni 1656.

Verk endre

Tomkins skreiv madrigalar, klavermusikk, ensemblemusikk og kyrkjemusikk. Stilmessig var han særs konservativ, til og med anakronistisk. Han ser ut til å ha totalt ignorert den barokkstilen som dukka opp kring han, med sine italienskinspirerte uttrykk og han unngjekk òg å skrive i dei mest populære stilartane på denne tida, som luttsong, eller ayre. Det polyfone språket, sjølv ut i 1640-åra, var i praksis frå renessansen. Somme av madrigalane hans var særs uttrykksfulle, med tekstmåleri og kromatisisme på lik linje med italienske madrigalkomponistar som Marenzio og Luzzaschi.

Han skreiv òg mange hymner, fleire enn nokon annan engelsk komponist på 1600-talet bortsett frå William Child. Desse stykka var høgt verdsette på denne tida og er godt representerte i manuskriptsamlingar frå denne tida. Sonen Nathaniel redigerte det meste av musikken hans og publiserte ei stor samling (kalla Musica Deo sacra et ecclesiae Anglicanae; eller Musikk tileigna til ære og teneste for Gud og til bruk i domkyrkja og andre kyrkjer i England) i 1668. På grunn av dette har det meste av musikken hans, som elles ville gått tapt i borgarkrigen, overlevd fram til i dag.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Thomas Tomkins» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Stephen D. Tuttle: Thomas Tomkins: Keyboard Music. Stainer & Bell, London 1973.
    • Anthony Boden: Thomas Tomkins: The Last Elizabethan. Ashgate Publishing 2005. ISBN 0-7546-5118-5
    • John Irving: The Instrumental Music of Thomas Tomkins, 1572-1656. Garland Publishing, New York 1989. ISBN 0-8240-2011-1
    • Thomas Tomkins - Pièces pour Virginal, 1646-1654. Introduction de François Lesure. Fac-similé du ms. autographe de la Bibliothèque Nationale, Paris, Rés. 1122. Minkoff, Geneva 1982.
    • "Thomas Tomkins," i The New Grove Dictionary of Music og Musicians, red. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
    • The Concise Edition of Baker's Biographical Dictionary of Musicians, 8. utg. Revidert av Nicolas Slonimsky. New York, Schirmer Books, 1993. ISBN 0-02-872416-X

Referansar endre

  1. Boden 2005, s. 7
  2. Boden 2005, s. 42
  3. Magdalen College Library, Oxford
  4. Boden 2005 s. 165
  5. Boden 2005, s. 127

Bakgrunnsstoff endre