Thoothukudi
tamil தூத்துக்குடி
Hamna i Tuticorin fotografert av William Henry Jackson i 1895.
Hamna i Tuticorin fotografert av William Henry Jackson i 1895.
Styresmakter
Land
Delstat
Distrikt
India
Tamil Nadu
Thoothukudi
Geografi
Flatevidd
 - By

4 621 km²
Innbyggjarar
 - By (1991)
 - Storbyområde

199 854
280 091
Tidssone IST (UTC+5:30)
Diverse anna
Postnummer 628xxx
Telefon-retningsnummer +91 (0)461
Bilnummer TN 69

Thoothukudi, tidlegare kjend som Tuticorin, er hovudstaden i Thoothukudi-distriktet i den indiske delstaten Tamil Nadu og hamneby langs Koromandelkysten, ved Mannarbukta i Indiahavet. Han har også vore ein viktig stad for perlefisking og skipsbygging, og har tilnamnet Perlebyen.

HistorieEndra

 
Nederlandsk framstilling av Tuticorin frå 1752.

Historia til Thoothukkudi går tilbake til 500-talet f.Kr. Han var hamnebyen til Pandyariket. Portugisarane tok makta i 1548, og byen voks. Nederlendarane tok over i 1658, og britane i 1825.

Byen blei senter for den indiske frigjeringsrørsla tidleg på 1900-talet som samlingsstad for leiarar som Subramanya Bharathy, Kattabomman og V.O. Chidambaram Pillai. I 1906 sjøsette den sistnemnde, saman med Bal Gangadhar Tilak, det første swadeshi-skipet herfrå. Indisk skipsfart var sterkt regulert av britane, og utviklinga av eigen handel var viktig for frigjeringsrørsla.

HamnEndra

Thoothukudi har lenge virka som hamn for den sørlege delen av Tamil Nadu, mellom anna byane Coimbatore, Madurai og Tirunelveli.

Ei ny kontainerhamn opna i 1974 var den tredje største i India (etter Mumbai og Chennai). Nye Thoothukud hamn ligg 8 km søraust for den gamle hamna og kan ta imot skip som stikk 8,2 meter. Av alle hamner i India er Thoothukkudi den tiande største. Ho står for 7 % av all kontainertransport i India.

Det går òg ei ferje frå byen til Colombo på Sri Lanka.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • «Tuticorin» (2007) i Encyclopædia Britannica. Henta 4. juni 2007 frå Encyclopædia Britannica Online: http://search.eb.com/eb/article-9073905