Thyborøn Kanal
Thyborøn Kanal er namnet på det vestre innløpet til Limfjorden i Danmark, altså frå Nordsjøen, som i Danmark òg vert kalla Vesterhavet. Kanalen ligg litt nord for Thyborøn by, og vart laga av naturen sjølv i 1863 etter at ein stormflod i 1862 hadde sett under vatn heile Agger-tangen ei tid, denne tangen hadde opphavleg sperra av Limfjorden frå Nordsjøen. Det som til å byrje med var eit smalt innløp, vart utvida kunstig etter kvart, slik at det vart ei permanent opning for skipstrafikk mellom Nordsjøen og Limfjorden. I 1868 segla 288 skuter gjennom Thyborøn Kanal.
Sjå ògEndra
BakgrunnsstoffEndra
- J. Chr. Petersen, «Om Aggertangen før og nu» (PDF-fil) i Geografisk Tidsskrift, Bind 1; 1877