Tianna Bartoletta

(Omdirigert frå Tianna Madison)

Tianna Bartoletta, fødd Tianna Madison (fødd 10. august 1985), er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Elyria i delstaten Ohio som tevlar i lengdehopp og sprintløp. Ho vart verdsmeister i lengdehopp i 2005 i Helsinki, ei bragd ho gjentok ti år seinare i Beijing. Ved dei olympiske leikane i London i 2012 sprang ho startetappen på USA sitt lag i 4 x 100 m stafett som vann OL-gull og sette ny verdsrekord med 40,82 sekundar.

Tianna Bartoletta


Statsborgarskap USA
Fødd 30. august 1985 (38 år)
Elyria
Idrett friidrett, bobsleigh
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Verdenscupen i bobsleigh 2012/13

Aktiv endre

 
Tianna Bartoletta i 2014

Madison slo gjennom ved VM i friidrett 2005 i Helsinki der ho vann gullmedaljen med ny personleg rekord på 6,89 meter. Også i kvalifiseringa forbetra ho den personlege rekorden, då til 6,83 meter. Ved VM i friidrett 2007 i Osaka greide ho einast 6,47 n i finalen og enda på tiandeplassen. Året etter vart ho nummer fem i lengdehopp i uttaksstemnet til Sommar-OL 2008 og fekk ikkje OL-plass.

I 2012 forbetra Madison dei personlege rekordane på både 100 meter og 200 meter. I mai sprang ho 200 meter på 22,37 i Ponce, deretter sprang ho 100 meter på 10,97 i New York, hennar fyrste løp under 11 sekundar. I slutten av juni forbetra ho 100-meterrekorden sin til 10,96 då ho kom på andreplass ved USA sitt uttak til Sommar-OL 2012, einast Carmelita Jeter på 10,92 var betre. Under leikane i London vart ho nummer fire på 100-metere på tida 10,85 sekundar, fire hundredels sekund bakom bronsevinnaren. Seks dagar seinare vart ho olympisk meister på 4 x 100 m stafett saman med Allyson Felix, Bianca Knight og Carmelita Jeter. Tida 40,82 sekundar var ei forbetring av den 27 år gamle verdsrekorden til Aust-Tyskland med heile 0,55 sekundar.

Under VM i friidrett 2015 i Beijing låg Tianna Bartoletta på tredjeplass i lengdetevlinga framfor den siste omgangen med eit bestehopp på 6,95 m. I siste omgangen smelte ho til med ny personleg rekord på 7,14 meter og sikra seg VM-tittelen framom britiske Shara Proctor som i tredje omgang hadde sett nasjonal rekord med 7,07 m. Dermed vann Bartoletta sitt andre VM-gull, ti år etter det fyrste, og to dagar før ho fylte 30 år.

Kjelder endre