Tigerstaden er eit kallenamn for Oslo som opphavleg er blitt brukt for å skildra hovudstaden som ein farleg og ubarmhjertig storby.[1]

Tigerstaden Drill i Oslo i 2017.

Historie endre

Bruken av «Tigerstaden» om Oslo kan førast tilbake til Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt «Godt mot»[2] (først kalla «Siste sang»), i samlinga Digte og sange frå 1870. Diktet skildrar ein kamp mellom ein landsens hest og ein tiger (symbol på byen). Ein artikkel i Morgenbladet i 1889 seier at Bjørnson slyngar ut hånande ord mot Christiania, «denne kolde by, som han tidligere har kaldt 'tigerstaden'». Seinare er Tigerstaden blitt brukt av blant andre Christian Krohg, Nils Collett Vogt og Rudolf Muus.[3]

Omgrepet har seinare fått meir positivt innhald. Fleire idrettslag i Oslo bruker i dag tiger som namn, logo eller maskot, som Centrum tigers basketklubb, Oslo Tigers Ishockeyklubb, Tiger Karateklubb og roller derby-laget Oslo Tiger City Beasts.

Som referanse til omgrepet er det også plassert ei rekke skulpturar av tigrar på Fridtjof Nansens plass framfor Oslo rådhus i jubileumsåret 2000, og ein større bronseskulptur av ein tiger laga av bilethoggaren Elena Engelsen og gitt av verksemda Eiendomsspar på Jernbanetorget framfor Oslo sentralstasjon.

Kjelder endre

  1. «tigerstaden». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. mai 2019. 
  2. «Godt mot». Dikt.org. Henta 7. august 2017. 
  3. «Fra Språkrøret: Hvorfor kaller vi Oslo for Tigerstaden?» St. Hallvard, 3/1991, side 61