Tiina Sanila-Aikio

Tiina Juulia Sanila-Aikio (fødd 25. mars 1983 i Sevettijärvi i Enare) er ein finsk skoltesamisk politikar og rockemusikar. Frå 2015 har ho vore den tredje sametingpresidenten i Det finske sametinget, og den første kvinna. I 2001 var ho leiar av Suoma Sámiid Guovddášsearvvis.

Tiina Sanila-Aikio
Tiina Sanila-Aikio.jpg
Periode28. mars 2015–
Fødd25. mars 1983
FødestadSevettijärvi
FøregangarKlemetti Näkkäläjärvi

I 2005 vart Sanila den første musikaren til å utgje ein rocke-CD der alle songtekstene er på skoltesamisk. CD-ein Sää´mjânnam rocks! («Sameland rockar!») vart utgjeve av det finske plateselskapet Tuupa Records Oy. I samband med festivalen Ijahis Idja i Enare den 26. mai 2007, lanserte Tiina Sanila den andre skoltesamiske CD-en sin, Kå'llkue'll še måttmešt tålkk.

I desember 2006 vart Tiina Sanila tildelt kulturprisen frå Lapplands län i Finland for arbeidet sitt.

DiskografiEndra

AlbumEndra

Sää'mjânnam rocks! (Sameland rockar!), 2005
  1. «Joo'tti kaass» (Villkatt)
  2. «Jååǥǥar lij jie'lli» (Antti er eit dyr)
  3. «Ǩiurrâl» (eit mannsnamn)
  4. «Ovlla» (eit mannsnamn)
  5. «Ráhkistatgo´n mu?» (Elskar du meg?)
  6. «Jie'lǩâni»
  7. «Äi'ǧǧ» (Tid)
  8. «Muäna» (Dei to av oss)
  9. «Čuu't jiânnai» (For mykje) (video frå musikkfestivalen i Brahestad 1996)
  10. «Tuõddâr casanova» (Fjella sin kvinnebedårar)
  11. «Vuõssmõs jorddmõs -leu´dd»
Kå'llkue'll še måttmešt tålkk (Nokre gonger har til og med gullfisken det keisamt), 2007
  1. «Ij leäkku tuõtt» (Det er ikkje sant)
  2. «Tango»
  3. «Uuh»
  4. «Puäʒʒoummu-reggae» (Reggaen til reingjetaren)
  5. «Meädda mu´st»
  6. «Lie ääi´j, kuä'ss ij pâi vuei't» (Der er gonger då du beintfram ikkje kan)
  7. «Sää'mnalla» (På ein sámisk måte)
  8. «Čuâccmõš då tå'skk» (Smerte og liding)
  9. «Suåppmõš» («Ein kontrakt»)
  10. «Ton <3 Monnar» (Du <3 Meg)

SinglarEndra

  • «Uuh!», 2006 (Singelen Uuh!, utgjeve 7. juni 2006, hamna på 3.-plass på dei finske musikklistene i den 26. veka av 2006.[1])
  1. «Uuh!»
  2. «Tuõddâr casanova»

ReferansarEndra

  1. YLEs internettside (finsk)[daud lenkje]