Tikhvin
Tikhvin (russisk Ти́хвин, finsk Tihvinä) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg 200 km aust for Sankt Petersburg ved elva Tikhvinka.
Tikhvin Тихвин | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | ![]() | ||||
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | ||||
Først nemnd i Bystatus |
1383 1773 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
24 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
60 754 2 531,4 /km² | ||||
Koordinatar | 59°38′00″N 33°30′00″E / 59.63333°N 33.50000°E | ||||
Høgd over havet | 50 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 18755x | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)81367 | ||||
Nettstad: tikhvin.org |
Byen er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1383. På 1400–1500-talet var han eit viktig religiøst senter nordvest i Russland. Bystatus fekk han i 1773.

Tikhvin er kanskje mest kjend internasjonalt som fødestaden til komponisten Nikolaj Rimskij-Korsakov (1844-1908).
I den andre verdskrigen vart byen erobra i november 1941 av styrkar frå den tyske Armégruppe Nord, men dei tapte byen att etter ein månad, då dei sovjetiske motåtaka vart for sterke. Tikhvin markerte den lengste framrykkinga til Armégruppe Nord under heile krigen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tikhvin» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.