Tiksotropi
Tiksotropi er eigenskapen hjå ei væske til å verta meir lettflytande ved omrøring eller risting, medan ho tjuknar når ho står i ro. Mange kolloid og gelar er tiksotropiske.
Nokre typar leire har også denne eigenskapen. Dette kan ha alvorlege følgjer ved jordskjelv som kan råka bygningar og jord i form av skred. Døme på dette er slaggskredulukka i Aberfan i Wales i 1966 og fleire større og mindre skred i Lyme Regis i Devon. Liknande hendingar er såkalla lahar, skred av jord som er gjort flytande gjennom vulkansk aktivitet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thixotropy» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2009.