Tin Pan Alley
40°44′44″N 73°59′22.5″W / 40.74556°N 73.989583°W
Tin Pan Alley er namnet på fleire musikkdistributørar og låtskrivarar som dominerte popmusikken i USA frå seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.
Starten for Tin Pan Alley vert vanlegvis sett til om lag 1885, då fleire musikkdistributørar slo seg ned i same distriktet på Manhattan i New York City. Slutten for Tin Pan Alley er mindre tydeleg. Enkelte meiner slutten kom med starten på den store depresjonen i 1930-åra då grammofonen og radioen tok over for notar som den viktigaste musikkformidlinga i amerikansk popmusikk, medan andre reknar at Tin Pan Alley heldt fram til 1950-åra då rock & roll tok over.
Tin Pan Alley var opphavleg ein spesifikk stad i New York City, West 28th Street mellom Fifth og Sixth Avenue. Det står ein plakett på fortauet på 28th St mellom Broadway og Fifth som syner staden.
Opphavet til namnet «Tin Pan Alley» er uklårt. Den mest populære soga er at det var ein nedsetjande referanse til lyden ein kunne høyre i gata av mange piano som spelte forskjellige songar samstundes, støy som høyrdest ut som nokon slo på tinngryter (tin pans). Etter kvart vart dette kallenamnet populært og mange år seinare vart det nytta for å skildre den amerikanske musikkindustrien generelt.
Uttrykket vert stundom òg nytta for å skildre alle typar område i storbyar med mange musikkdistributørar eller musikkbutikkar - som til dømes Denmark Street nær Covent Garden i London. I 1920-åra vart gata kalla «Britain's Tin Pan Alley». No vert Tin Pan Alley Festival halde her kvart år i juli.
Opphav
endrePå midten av 1800-talet var opphavsretten til melodiar lite regulert i USA, og mange konkurrerande musikkforlag trykte sine eigne utgåver av songar som var populære på den tida. Stephen Foster sine songar førte truleg til store inntekter gjennom sal av musikknotar for forlaga, men Foster såg lite til desse pengane og døydde i fattigdom.
Med sterkare opphavsrettslover seinare på hundreåret, starta låtskrivarar, komponistar, tekstforfattarar og forlag å samarbeide for å tene pengar på musikken.
Dei største musikkhusa samla seg i New York City. Små lokale forlag (ofte knytt til kommersielle trykkeri eller musikkbutikkar) dukka opp over heile landet, og det fanst viktige regionale musikkforlagssenter i Chicago, New Orleans, St. Louis og Boston. Når ein melodi vart ein lokal hit, vart rettane til han vanlegvis kjøpt frå det lokale forlaget av eitt av dei store føretaka i New York.
Gullalder
endreMusikkhusa på Manhattan var ein livleg stad og mange låtskrivarar, varieté- og Broadway-artistar og musikarar kom og gjekk.
Ambisiøse låtskrivarar kom for å vise fram songane dei håpte å selje. Når songar vart kjøpt frå ukjende utan hittar, vart namnet på enkelte i føretaket ofte lagt til som medlåtskrivar (for å skaffe høgare inntekter for føretaket), eller alle rettane til songen vart kjøpt for ein enkeltsum (inkludert retten til å føre opp eit anna namn som komponist). Låtskrivarar som vart etablerte produsentar av kommersielt suksessrike songar vart tilsett i musikkhusa. Dei mest suksessrike av desse, som Harry Von Tilzer og Irving Berlin, skipa sine eigne forlag.
Song pluggers var pianistar og songarar som levde av å demonstrere songar for låtskrivarane. Dei fleste musikkbutikkane hadde slike pluggers tilsette hos seg. Andre var tilsette hos forlaga for å reise rundt å spele dei nye songane for folk.
Når varieté-artistane spelte i New York City, vitja dei ofte forskjellige Tin Pan Alley-føretak for å finne nye songar dei kunne framføre. Mindre kjende artistar måtte ofte betale for å få rett til å spele ein ny song, medan kjende stjerner fekk gratis kopiar eller vart betalte av forlaga for å spele dei, sidan dette var verdifull reklame.
I starten spesialiserte Tin Pan Alley seg på melodramatiske balladar eller komiske songar, men etter kvart tok dei til seg nye, populære musikkstilar som cakewalk og ragtime. Seinare vart jazz og blues ein del av industrien, men dei heldt seg likevel til songar retta mot amatørsongarar eller småbyband som kunne spele songane dei trykte og gav ut. Sidan improvisering, blåtonar og andre karakteristiske trekk ved jazz og blues ikkje var enkel å få ned på notearka, gav Tin Pan Alley i staden ut jazz- og blues-aktige pop- og dansesongar. Mykje av ålmenta seint i 1910-åra og 1920-åra visste ikkje skilnaden mellom desse kommersielle produkta og autentisk jazz og blues.
Påverknad på lov og forretningar
endreEi gruppe musikkhus i Tin Pan Alley skipa Music Publishers Association of the United States den 11. juni 1895, men dei klarte ikkje å få styresmaktene til å vedta Treloar Copyright-lova, som ville ha forlenga opphavsretten for utgjeve musikk til 40 år og at denne opphavsretten kunne fornyast nye 20 år.
American Society of Composers, Authors, and Publishers (ASCAP) vart skipa i 1914 for å støtte og verne interessene til etablerte forlag og komponistar. Nye medlemmar vart berre vedtatt ved at dei sponsa eksisterande medlemmar. Mot slutten av 1910-åra vart det estimert at over 90 % av notearka og grammofonplatene som vart seld i USA, gav honorar til ASCAP.
Komponistar og tekstforfattarar
endreDei største komponistane og tekstforfattarane i Tin Pan Alley var mellom andre:
Største hittar
endreAv dei største hittane til Tin Pan Alley finn ein:
- «After the Ball» (Charles K. Harris, 1892)
- «The Man Who Broke the Bank at Monte Carlo» (Charles Coborn, 1892)
- «The Sidewalks of New York» (Lawlor & Blake, 1894)
- «The Band Played On» (Charles B. Ward & John F. Palmer, 1895)
- «Mister Johnson, Turn Me Loose» (Ben Harney, 1896)
- «A Hot Time in the Old Town Tonight» (Joe Hayden & Theodore Mertz, 1896)
- «Warmest Baby in the Bunch» (George M. Cohan, 1896)
- «At a Georgia Campmeeting» (Kerry Mills, 1897)
- «Hearts & Flowers» (Theodore Moses Tobani, 1899)
- «Hello! Ma Baby (Hello Ma Ragtime Gal)» (Emerson, Howard, & Sterling, 1899)
- «Only a Bird in a Gilded Cage» (Harry Von Tilzer, 1900)
- «Mighty Lak' a Rose» (Ethelbert Nevin & Frank L. Stanton, 1901)
- «Bill Bailey, Won't You Please Come Home» (Huey Cannon, 1902)
- «In the Good Old Summertime» (Ren Shields & George Evans, 1902)
- «Give My Regards To Broadway» (George M. Cohan, 1904)
- «In the Shade of the Old Apple Tree» (Harry Williams & Egbert van Alstyne, 1905)
- «Shine Little Glow Worm» (Paul Lincke & Lilla Cayley Robinson, 1907)
- «Shine on Harvest Moon» (Nora Bayes & Jack Norworth, 1908)
- «Take Me Out to the Ball Game» (Albert Von Tilzer, 1908)
- «“By The Light of the Silvery Moon» (Gus Edwards & Edward Madden, 1909)
- «Down by the Old Mill Stream» (Tell Taylor, 1910)
- «Come, Josephine, in My Flying Machine» (Fred Fisher & Alfred Bryan, 1910)
- «Let Me Call You Sweetheart» (Beth Slater Whitson & Leo Friedman, 1910)
- «Alexander's Ragtime Band» (Irving Berlin, 1911)
- «Some of These Days» (Shelton Brooks, 1911)
- «Peg o' My Heart» (Fred Fisher & Alfred Bryan, 1913)
- «The Darktown Strutters Ball» (Shelton Brooks, 1917)
- «K-K-K-Katy» (Geoffrey O'Hara, 1918)
- «God Bless America» (Irving Berlin, 1918; revised 1938)
- «Oh by Jingo!» (Albert Von Tilzer, 1919)
- «Swanee» (George Gershwin, 1919)
- «Whispering» (1920)
- «The Japanese Sandman» (1920)
- Carolina in the Morning (Gus Kahn & Walter Donaldson, 1922)
- Lovesick Blues (Cliff Friend & Irving Mills, 1922)
- «Way Down Yonder In New Orleans» (Creamer & Turner Layton, 1922)
- «Yes, We Have No Bananas» (Frank Silver & Irving Cohn, 1923)
- «I Cried for You» (Arthur Freed & Nacio Herb Brown, 1923)
- «Everybody Loves My Baby» (Spencer Williams, 1924)
- «All Alone» (Irving Berlin, 1924)
- «Sweet Georgia Brown» (Maceo Pinkard, 1925)
- «Baby Face» (Bennie Davis & Harry Akst, 1926)
- «Ain't She Sweet» (Jack Yellen & Milton Ager,1927)
- «My Blue Heaven» (Walter Donaldson & Richard Whiting, 1927)
- «Happy Days Are Here Again» (Jack Yellen & Milton Ager, 1930)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bloom, Ken. The American Songbook: The Singers, the Songwriters, and the Songs. New York: Black Dog and Leventhal, 2005.
- Forte, Allen. Listening to Classic American Popular Songs. New Haven: Yale University Press, 2001.
- Philip Furia (1990). The Poets of Tin Pan Alley: A History of America’s Great Lyricists. ISBN 0195074734..
- Philip Furia og Lasser, Michael (2006). The American’s Songs: The Stories Behind the Songs of Broadway, Hollywood og Tin Pan Alley. ISBN 0415990521..
- Goldberg, Isaac. Tin Pan Alley, A Chronicle of American Music. New York: Frederick Ungar, [1930], 1961.
- Jasen, David A. Tin Pan Alley: The Composers, the Songs, the Performers and Their Times. New York: Donald I. Fine, Primus, 1988.
- Jasen, David A., and Gene Jones. Spreadin’ Rhythm Around: Black Popular Songwriters, 1880-1930. New York: Schirmer Books, 1998.
- Marks, Edward B., as told to Abbott J. Liebling. They All Sang: From Tony Pastor to Rudy Vallée. New York: Viking Press, 1934.
- Morath, Max. The NPR Curious Listener’s Guide to Popular Standards. New York: Penguin Putnam, Berkley Publishing, a Perigree Book, 2002.
- Sanjek, Russell. American Popular Music and Its Business: The First Four Hundred Years, Volume III, From 1900 to 1984. New York: Oxford University Press, 1988.
- Sanjek, Russell. From Print to Plastic: Publishing and Promoting America’s Popular Music, 1900-1980. I.S.A.M. Monographs: Number 20. Brooklyn: Institute for Studies in American Music, Conservatory of Music, Brooklyn College, City University of New York, 1983.
- Tawa, Nicholas E. The Way to Tin Pan Alley: American Popular Song, 1866-1910. New York: Schirmer Books, 1990.
- Whitcomb, Ian. After the Ball: Pop Music from Rag to Rock. New York: Proscenium Publishers, 1986, reprint of Penguin Press, 1972.
- Wilder, Alec. American Popular Song: The Great Innovators, 1900-1950. London: Oxford University Press, 1972.
- Zinsser, William. Easy to Remember: The Great American Songwriters and Their Songs. Jaffrey, NH: David R. Godine, 2000.
Bakgrunnsstoff
endre- Parlor Songs: History of Tin Pan Alley Arkivert 2008-05-09 ved Wayback Machine.
- A History of Tin Pan Alley Arkivert 2009-10-05 ved Wayback Machine.
- Tin Pan Alley Festival (UK) Arkivert 2009-08-18 ved Wayback Machine.
- Loopnet listing Arkivert 2008-10-16 ved Wayback Machine.
- Tin Pan Alley for sale Arkivert 2009-04-25 ved Wayback Machine.