Tina Presthus

Tina Presthus (fødd 12. juli 1996), opphavleg Annie Valentina Sjubinskaja Presthus, er ein norsk-russisk fiolinspelar som har markert seg gjennom fleire talentkonkurransar.

Tina Presthus
Fødd12. juli 1996 (24 år)
OpphavNoreg
Instrumentfiolin
Verka sommusikar

Presthus er fødd i Bergen og busett på Stord. I 2006 fekk ho 9. plass i The International Moscow Rotary Club’s Competition for Young Musicians» i Russland. I 2007 fekk ho fyrstepris i konkurransen Giovani Talenti i San Bartolomeo i Italia. Ho blei prisvinnar i Ungdommens Musikkmesterskap, både i 2006, 2008 og 2010. I 2008 blei ho tildelt Drømmestipendet av Norsk Tipping og Norsk Kulturskoleråd, og i 2009 fekk ho Stord kommune sitt kulturstipend. Ho studerer no ved Joseph Haydn Konservatorium i Eisenstadt, Austerrike.

For norske TV-sjåarar er Tina Presthus mest kjend som vinnar av Kvitt eller dobbelt (NRK, 2006) i temaet Tudordynastiet, og som semifinalist i Norske talenter (TV2, 2008), der ho spela fiolin, akkompagnert av mor si, Jelena Sjubinskaja Presthus. Veslebroren hennar, Jan Anders Presthus, var med i Kvitt eller dobbelt i 2008, i temaet romkappløpet. Han kom til semifinalen i Norske talenter 2009 som steppdansar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra