Tingvollfjorden er ein fjord i Tingvoll, Gjemnes og Molde kommuneNordmøre og i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 35 km søraustover til Sunndalsfjorden, og til botn av Sunndalsfjorden er lengda 52 km.

Tingvollfjorden
Tingvollfjorden
For innsjøen i Ål kommune med same namn sjå Tingvollfjorden i Ål

Fjorden har innløp mellom Bergsøysundet, som ligg mellom Bergsøya og Aspøya i nord, og Vorpskjeret ved Ranem i sør. Vest for innløpet går Bergsøyfjorden inn til Batnfjorden. På nordsida av Bergsøysundet ligg Freifjorden. Riksveg 70 går langs fjorden over desse øyane og innover fjorden på austsida. Det er fleire mindre grender langs fjorden som Bogsaspa på Aspøya, Eikrem, Gyl og Bergem på austsida og Hoem, Flemma, Angvika, Raudsand og Eidsøra på vestsida. Tvers over fjorden for Angvika ligg Tingvollvågen og tettstaden og kommunesenteret Tingvoll.

Ved kommunegrensa til Sunndal endrar fjorden namn til Sunndalsfjorden.

Riksveg 62 går på vestsida av fjorden frå Sunndalsfjorden til Eidsøra. Frå her går riksveg 666 vidare nordover og etter Kvalvåg på sørsida av fjorden.