Opna hovudmenyen

Kassiteritt er den einaste tinnmalmen av tyding. Det er eit mineral som består av tinndioksid, SnO2, med teoretisk tinninnhald 78,6 %, men inneheld ofte ein del jarn og andre bestanddelar. Det er for det meste svart eller brunt, sjeldnare fargelaust eller gulraudt, med ljos strek og diamantglans. Mineralet er isotypt med rutil og pyrolusitt.

Kassiteritt
4447M-cassiterite.jpg
Kassiteritt med muscovitt, frå Xuebaoding i Huya i Pingwu i Mianyang i Sichuan i Kina (storleik: 100 x 95 mm, 1128 g)
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelSnO2
Strunz-klassifisering04.DB.05
KrystallsymmetriTetragonal 4/m 2/m 2/m
Einingscellea = 4.7382(4) Å, c = 3.1871(1) Å; Z=2
Identifikasjon
FargeSvart, brunsvart, raudbrun, raud, gul, grå, kvit; sjeldan fargelaus
KrystallformPyramidisk, prismatisk, radielle trådaktige botryoidal skorper og konkresjonar; grov- til finkorna, massive
KrystallsystemTetragonal - Ditetragonal dipyramidal 4/m 2/m 2/m
TvillingSærs vanleg på {011}, som kontakt og penetrerande tvillingar, ledda; lamellert
Kløyv{100} uperfekt, {110} utydeleg; delingar på {111} eller {011}
BrotUndermuslig til Ujamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala6–7
GlansDiamantaktig til adamantin metallisk, strålande; kan vere feittete på brot
StrekfargeKvit til brunaktig
TransparensGjennomsiktig når lett farga, mørk material nær ugjennomsiktig; vanlegvis i sonar
Spesifikk vekt6.98 - 7.1
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 1.990 - 2.010 nε = 2.093 - 2.100
Dobbeltbrytingδ = 0.103
PleokroismePleokroiske haloar er observert. Dikroisk i gul, grøn, raud, brun, vanlegvis svak, eller fråverande, men sterk til tider
Smeltbarheitusmelteleg
Oppløyselegheituoppløyseleg
Kjelder[1][2][3][4]

Finst primært vesentleg i greisen, på hydrotermalgangar og granittpegmatittar, dessutan i sand og grus på sekundære avsetningar. Verdas gruveproduksjon av tinn er på noko over 200 000 tonn med Brasil, Indonesia, Malaysia og Kina som dei viktigaste produsentlanda. Førekomstar i Europa er no av liten økonomisk tyding (Böhmen og Sachsen; gruvedrifta i Cornwall var viktig i bronsealderen). Kassiteritt er i Noreg mellom anna kjent i små mengder frå Bleikvassli gruver og frå Tørdal i Telemark.

KjelderEndra

  1. Handbook of Mineralogi
  2. Mindat
  3. Webmineral
  4. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogi (20th utg.). New York: John Wiley and Sons. s. 306–307. ISBN 0-471-80580-7. 

BakgrunnsstoffEndra