Hilmer J. Timbrell (15. januar 19177. mai 1992) var ein kanadisk-amerikansk studiomusikar og gitarist.

Tiny Timbrell
Fødd15. januar 1917(1917-01-15)
FødestadCanada
Død7. mai 1992 (75 år)
FødenamnHilmer J. Timbrell
OpphavLos Angeles i California i [[USA ]]
InstrumentGitar
Tilknytte artistarElvis Presley, Doris Day, Billy Vaughn & His Orchestra, Rosemary Clooney, Bing Crosby, Harry James, Ricky Nelson, Marty Robbins
Verka somStudiomusikar, gitarist

Hilmer J. «Tiny» Timbrell flytta til Los Angeles der han vart musikar. Ei stund selde han gitarar i Fife & Nichols, ein musikkforretning i Hollywood. Timbrell vart mykje nytta som gitarist i Warner Brothers Studios seint i 1940-åra og spelte i fleire filmar som ein del av eit band. Han spelte på innspelingar for artistar som Doris Day, Billy Vaughn & His Orchestra, Rosemary Clooney, Bing Crosby, Harry James og pop- og ountryartistar som Ricky Nelson og Marty Robbins.

Timbrell spelte rytmegitar for Elvis Presley, først i Radio Recorders i Los Angeles for filmmusikken for filmen Loving You og seinare fleire andre filmar som Presley spelte i.

I seinare år arbeidde Tiny Timbrell i Los Angeles som salsrepresentant for Chicago Musical Instrument Co, seinare kalla Norlin Music Corp., som på den tida eigde mange instrumentmerke som Gibson og Epiphone.

KjelderEndra