Tioeter

Tioeterar er organiske sulfid med den ålmenne formelen R–S–R, der R kan vera alifatiske eller aromatiske restar (radikal). Dei kan lagast ved alkylering av tiol i basisk miljø. Oksidasjon av tioeterar gjev fyrst sulfoksid (R2SO) og deretter sulfon (R2SO2). Dimetylsulfid (CH3–S–CH3) er ei lettflyktig og vondtluktande væske som vert nytta som løysemiddel og til luktsetjing av gass.

Den ålmenne strukturen til ein tioeter, med den funksjonelle gruppa i blått

KjelderEndra