Eliteserien i fotball 2015

(Omdirigert frå Tippeligaen 2015)

Tippeligaen 2015 var den 71. sesongen av den norske eliteserien i fotball. Serien omfatta 16 lag, dei 13 beste frå førre sesong, samt tre opprykkslag frå nivå to i det norske seriesystemet. Sesongen starta 6. april og vart avslutta 8. november.

Rosenborg Ballklub vart suveren seriemeister med eit forsprang på 12 poeng til sølvlaget Strømsgodset IF, Stabæk IF tok bronseplassen. Dei to laga med færrast poeng, Sandefjord og Mjøndalen, begge nyopprykte, rykte nedatt til divisjon 1.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.