Opna hovudmenyen

Grunnstoffet titan

grunnstoff med kjemisk symbol Ti og atomnummer 22
(Omdirigert frå Titan (grunnstoff))
22 ScandiumTitanVanadium


Ti

Zr
Ti-TableImage.svg
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Titan, Ti, 22
Kjemisk serie Transisjonsmetall
Gruppe, periode, blokk 4, 4, d
Tettleik, hardleik 4507 kg/m3, 6 (ikkje SI)
Utsjånad Sølvkvitt
Titan
Atomeigenskapar
Atommasse 47,87 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 140 (176) pm
Kovalent radius 136 pm
Ioneradius 68 pm (ladning: +4)
van der Waals radius (?) pm
Elektronkonfigurasjon [Ar]
Elektron per energinivå 2, 8, 10, 2
Oksidasjonstrinn (oksid) +3, +4 (Amfotært)
Krystallstruktur Heksagonal
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 1935 K (1662°C)
Kokepunkt 3560 K (3287°C)
Molart volum 10,64 cm3/mol
Fordampingsvarme 425,2 kJ/mol
Smeltevarme 16,11 kJ/mol
Damptrykk 0,49 Pa ved 1933 K
Ljodfart 4140 m/s ved 293,15 K
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,54 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 523 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 2,34 MS/m
Termisk konduktivitet 21,9 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 658,8 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
44Ti (kunstig) 63 år ε 0,268 44Sc
46Ti 8,0% (stabil)
47Ti 7,3% (stabil)
48Ti 73,8% (stabil)
49Ti 5,5% (stabil)
50Ti 5,4% (stabil)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt
Sjå òg: Titan (fleirtydingsside)

Titan er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Ti og atomnummer 22. Det er eit transisjonsmetall og er plassert i gruppe 4 i periodesystemet. Stoffet vart oppdaga av ulike forskarar på 1790-talet. Namnet kjem frå titanane, som var ei gudeslekt av himmelens og jordas born i gresk mytologi, og jordas første søner i romersk mytologi.

Bruk av titanEndra

 
Klokke med titanbelegg

Titan har høg styrke i forhold til vekta, og blir brukt åleine eller i legeringar som materiale til romrakettar, jetfly, ubåtar, verktøy samt tennis- og squash-racketar. Vanlege titanlegeringar inneheld jern og aluminium. Det kjemiske stoffet titandioksid har ein stabil, kvit farge og er mykje brukt i måling.

HistorieEndra

Titan vart oppdaga i england av William Gregor i 1791. Han oppdaga grunnstoffet i mineralet ilmenitt. Omtrent samstundes laga Franz Joeseph Muller ein liknande substans utan at han greidde å identifisera stoffet. Fleire år seinare vart grunnstoffet igjen oppdaga uavhengig av dette. Denne gong av Martin Heinrich Klaproth som gav det namnet titan.

Reint metall har vore vanskeleg å utvinna, og vart først danna i 1910. Først i 1946 vart det brukt utanfor laboratorium, etter at William Justin Kroll viste at kommersiell produksjon kan skje ved reduksjon av titantetraklorid med magnesium etter Krollprosessen.

Førekomst og produksjonEndra

Titan førekjem blant anna i mineralet ilmenitt, som er råstoff for titanproduksjon i Noreg. Dei viktigaste norske titanprodusentane er Titania A/S, Tinfos, og Kronos Titan A/S.

KjemiEndra

Titan har vanlegvis oksidasjonstal 4 i sambindingar, men kan òg ha oksidasjonstal 3.

Titanmetall er dekt av eit oksidlag som vernar det. Metallet kan brenna i luft. Da vert titandioksid og titannitrid danna.

Ti + O2 → TiO2 2Ti + N2 → TiN

Titan reagerer vanlegvis ikkje med basar.

IsotoparEndra

TryggleikEndra

Sjå ogsåEndra

BakgrunnsstoffEndra