63°40′0″N 8°18′0″E / 63.66667°N 8.30000°E / 63.66667; 8.30000 Titran er ei bygd i Frøya kommune i Sør-Trøndelag, på vestpynten av øya Frøya. Staden er eit fiskevær med noko turisttrafikk og hadde om lag 120 innbyggjarar i 2001. Her finst det fyrste forsøkskraftverket i landet for vindkraft og eit større kystfort frå andre verdskrigen.

13. –14. okt. 1899 vart fiskarar som låg på storsildfiske utanfor Titran overraska av orkan. 140 menn miste livet, og båtar og reiskapar for store verdiar gjekk tapt. Ei ny ulukke ramma Titran da 37 fiskarar omkom i uvêr 14. januar 1920.

Namnet kjem av norrønt Títrar, utolka.

Kjelde endre

«Titran» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre