Tjøre

(Omdirigert frå Tjære)

Tjøre eller tjære (frå norrønt tjara, eigentleg 'det som kjem frå tre') er ei mørk, tjukk væske av organiske stoff.[1]

Tjøre produsert av halm frå mais ved pyrolyse i mikrobølgjeomn.

Tjøre blir danna ved tørrdestillasjon (oppvarming utan lufttilgang) av organiske materiale.[2] Ho kan ha namn etter utgangsmaterialet, som steinkoltjøre, brunkoltjøre eller tretjøre.[2]

Steinkoltjøra var lenge eit viktig råmateriale for framstilling av fargestoff (tjørefargestoff), sprengstoff og legemiddel, og har under nemninga kreosot vore særs mykje brukt til trykkimprengering (kreosotimpregnering) av tremateriale av grove dimensjonar, særleg tre til å byggje kaier og andre solide og vêrutsette trekonstruksjonar av, til jarnbanesviller av tre, stolpar av tre til telefon- og straumleidningar og liknande. Brunkoltjøre var råstoff for framstilling av den opphavlege solarolja. Tretjøre blir hovudsakleg brukt til å impregnere tre når tjøra skal strykast på treet med kost, til dømes på utvendige treveggar og tretekka tak på hus (som på stavkyrkjene, gamle stabbur og tømmerhus), eller på båtar og skip av tre.

Tjøre inneheld mellom anna helseskadelege polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH). Det er difor forbode å nytte kreosotimpregnert gamalt eller nytt tremateriale i fleire samanhengar, til dømes å nytte gamle eller nye kreosotimpregnerte stolpar i barnehagar og på leikeplassar.

Kjelder

endre
  1. «tjøre» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «Tjære», Store norske leksikon, 15. februar 2009 

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tjøre
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.