Todifamilien

fuglefamilie
(Omdirigert frå Todiar)
Todifamilien
Breinebbtodi, Todus subulatus Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1874, Public domain
Breinebbtodi, Todus subulatus
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1874, Public domain
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Todifamilien Todidae
Vigors, 1825

Todifamilien, Todidae, er ein råkefuglfamilie som omfattar slekta todiar Todus med leveområde avgrensa til Karibia.

Dette er små fuglar, nærskylde til sporvefuglar. Dei lever i skogar i nordlege Karibia, Puerto Rico, Jamaica, Cuba, med nærliggjande øyar. Puerto Rico og Cuba har ein art kvar, Hispaniola har to artar, breinebbtodi i låglandet inkludert Gonâveøya og smalnebbtodi i høglandet.[1][2]

Skildring endre

 
Breinebbtodi, Todus subulatus
Foto: Wikimedia-brukar ZankaM
 
Jamaicatodi, Todus todus
Foto: dominic sherony
 
Smalnebbtodi, Todus angustirostris
Foto: Ron Knight

Todiar varierer i vekt frå 5 til 7 gram og har ei kroppslengd på 10 til 11,5 cm. Dei har fargerike fjørdrakter, liknar isfuglar i kroppsform. Vaksne todiar har grønt hovud, rygg og venger, raud hals, med ein kvit og blågrå stripe på kvar side, og gule dekkfjører på undersida av stjerten. Farga på resten av undersida er bleik og varierer i med arten. Irisane er bleik grå. Dei har lange, flate nebb med tagga kantar; den øvre nebbkjeven er svart og den nedre er raud med litt svart. Beina, og spesielt føtene, er små.[2] Todiar er svært vokale, bortsett frå at jamaicatodi sjeldan gjev læte utanom hekkesesongen i august-november.[1] Lætet er karakterisert av umusikalske summande tonar, pip og gutturale skranglelydar, og dei bruser med strupefjørene under songen.[2] Gulsidetodiar gjer ein rar, surrande skranglelyd med vengene, for det meste under paringsspel eller når dei forsvarer territoriet.[1]

Todiar et små byttedyr som insekt og øgler. Insekt, spesielt grashopper, sirissar, biller, mygg, sommarfuglar, bier, kvefs og maurar dannar den største delen av dietten. Dei kan òg ta edderkoppar og tusenbein, samt ei lita mengd frukt, omkring 2 % av føda.[3] Todiar sit vanlegvis lågt, på ei lita grein, einskildvis eller i par. Dei kan sitje urørleg, eller hoppe litt sidelengs. Om ein todi har oppdaga eit byttedyr som rører seg på undersida av eit blad over han, kan han flyge kort diagonalt oppover for å fange byttet. Dei kan òg plukke byttedyr opp frå bakken, nokon gonger jage byttet med eit par hopp. Todiar er generelt stillesittande; den lengste einskildflyging som er skildra for breinebbtodi er ikkje meir enn 40 meter.[1][2] Dei er mest aktive tidleg på dagen når solfylt vêr følgjer etter regnvêr, og i månadene mars og september.[1]

Som dei fleste andre råkefuglar, hekkar todiar i hòler i bakken eller i rotne trestammar. Dei grev ut tunellar med nebbet og føtene.[1] Tunellane inn til reirplassen i hòla kan vere 30 cm lange hos kubatodiar og smalnebbtodiar, og frå 30 til 60 cm hos breinebbtodi. Generelt blir ikkje reirplassen gjenbrukt. Kvart kull er på omkring fire egg som begge foreldra rugar, og begge foreldra tar omsut for ungane. Ungane er hjelpelause og blir i reiret til dei kan flyge. Dei kan få mat opptil 140 gonger per dag, den høgaste raten kjent blant fuglar.[2]

Ei førhistorisk slekt, Palaeotodus, er kjent frå fossil datert til tidleg oligocen. Desse fossila vart oppdaga i Frankrike og i Tyskland, det tyder på at familien ein gong hadde langt vidare utbreiing enn i dag.[4]

Artslista endre

Todiar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Slekt Todus

  • Kubatodi, Todus multicolor, Cuban Tody, LC, Gould, 1837
  • Breinebbtodi, Todus subulatus, Broad-billed Tody, LC, Gray, 1847
  • Smalnebbtodi, Todus angustirostris, Narrow-billed Tody, LC, Lafresnaye, 1851
  • Jamaicatodi, Todus todus, Jamaican Tody, LC, Linné, 1758
  • Gulsidetodi, Todus mexicanus, Puerto Rican Tody, LC, Lesson, 1838

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Raffaele, Herbert; James Wiley; Orlando H. Garrido; Allan Keith; Janis I. Raffaele (1998). A Guide to the Birds of the West Indies. Princeton University Press. s. 341–343. ISBN 0-691-08736-9. Arkivert frå originalen 23. mai 2011. Henta 2. juli 2008. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Fry, C. Hilary (2003). «Todies». I Perrins, Christopher. Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 373. ISBN 1-55297-777-3. 
  3. Kepler, A. K. (2001). del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J., red. Mousebirds to Hornbills. Handbook of the Birds of the World. Band 6. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 848733430X. 
  4. Mayr, Gerald; Knopf, Charles W. (2007). «A Tody (Alcediniformes: Todidae) from the Early Oligocene of Germany». The Auk 124 (4): 1294. doi:10.1642/0004-8038(2007)124[1294:ATATFT]2.0.CO;2. 
  5. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)