Together Through Life

studioalbum av Bob Dylan
Together Through Life
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 28. april 2009
Innspelt Desember 2008
Sjanger Folkrock, bluesrock
Lengd 45:33
Selskap Columbia
Produsent Jack Frost (Bob Dylan pseudonym)
Bob Dylan-kronologi 
The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006
(2008)
Together Through Life Christmas in the Heart
(2009)


Together Through Life er det 33. studioalbumet til Bob Dylan, utgjeve 28. april 2009 på Columbia Records. Albumet gjekk rett inn på førsteplassen i fleire land, mellom anna i USA[1] og Storbritannia. Det var det første albumet til Dylan på toppen av den britiske albumlista sidan New Morning i 1970.[2][3] Albumet er òg det einaste til Dylan som har lege på toppen av både den amerikanske og den britiske albumlista samstundes.

Dylan skreiv alle songane på albumet bortsett frå ein i lag med tekstforfattaren til Grateful Dead, Robert Hunter, som han hadde skrive to songar med før i 1988 på albumet Down in the Groove. I eit intervju med magasinet Rolling Stone snakka Dylan om samarbeidet: «Hunter er ein gammal kamerat, og me kunne truleg skrive hundre songar i lag om me meinte det var viktig eller dei rette årsakene var der... Han har ein måte å skrive tekst på, og det har eg òg. Me skriv begge forskjellige typar songar enn det som i dag vert rekna som låtskriving.»[4] Den einaste andre låtskrivaren Dylan hadde samarbeidd med i same grad før var Jacques Levy, som han skreiv det meste av Desire med i 1976.

Albumet fekk to Grammynominasjonar for beste americana-album og beste rockesong for «Beyond Here Lies Nothin'».

Komposisjon og innspeling endre

Med seg på albumet har Dylan det vanlege turnebandet sitt på denne tida, i tillegg til David Hidalgo frå Los Lobos og Mike Campbell frå Tom Petty and the Heartbreakers.[5] Dylan sa om gitarspelinga til Campbell i eit intervju med Flanagan: «Han er bra med meg. Han har spelt så lenge med Tom at han høyrer alt frå synspunktet til ein låtskrivar og han kan spele nesten kva som helst.»

Utgjeving endre

Rykte om albumet vart rapportert i Rolling Stone og kom overraskande på, utan offisielle pressemeldingar før 16. mars 2009, mindre enn to månader før albumet kom ut.[6] Dylan produserte plata under pseudonymet Jack Frost, som han hadde brukt på dei førre to studioalbuma sine, Love and Theft og Modern Times. Albumet fekk rykte om å bestå av «kjempande kjærleikssongar» og ha få likskapar med Modern Times.[6]

«Beyond Here Lies Nothin'» vart gjort tilgjengeleg for gratis nedlasting i berre ein dag, den 30. mars 2009 via den offisielle nettsida til Dylan.

Plateomslag endre

Biletet på framsida av plateomslaget er det same som framsida på novellesamlinga til den amerikanske forfattaren Larry Brown, Big Bad Love. Biletet er teken av Bruce Davidson.

Opphav og sitat endre

Som med somme av dei førre albuma til Dylan, har Dylan tilpassa tekstar frå andre songar og blanda dei inn i sin eigen tekst - om enn kanskje noko mindre opplagt enn på dei førre albuma.[7] Linja «If you ever go to Houston, you better walk right» er teken frå folkesongen «Midnight Special»: Dylan spelte munnspel på Harry Belafonte si innspeling av songen i 1962.

I ein samtale med journalisten Bill Flanagan, publisert på den offisielle nettsida til Bob Dylan, spurte Flanagan om ein likskap mellom den nye plata og lyden av Chess Records og Sun Records, som Dylan meinte kom som ei følgje av «måten instrumenta vart spelte på». Han sa at opphavet til plata kom då den franske filmskaparen Olivier Dahan spurte han om ein song til den nye vegfilmen My Own Love Song, som vart «Life is Hard».[5] I følgje Dylan ønskte Dahan eit heilt album med songar[8] - og «så tok plata på eit vis si eiga retning.»[5]

Mottaking endre

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic76/100[10]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [11]
The A.V. ClubA-[12]
Blender     [13]
Mojo     [14]
Paste8.1/10[15]
Pitchfork Media5.4/10[16]
Robert ChristgauB+[17]
Rolling Stone     [18]
The Times     [19]
Tiny Mix Tapes     [20]
Uncut     [21]

Mottakinga av albumet har stort sett vore positiv. Albumet har ein poengsum på 76 av 100 på MetaCritic.[10] Under intervjuet sitt med Flanagan sa Dylan: «Eg veit fansen min vil like det. Utover det anar eg ikkje».[5]

Rolling Stone gav albumet fire av fem stjerner og skildra albumet som «mørkt og dystert, ofte forvirrande». David Fricke i Rolling Stone skreiv «Dylan, som blir 68 i mai, har aldri høyrdest så herja, forbanna og energisk ut».[18] BBC meinte at albumet var «ei meisterleg tolking av amerikansk folkemusikk frå 1900-talet, men gjennomført med nokre skøyaraktige tekstmessige tvistar» og samanlikna det med «ei slags Chicago urban blues-hyllest». I følgje Mojo «er Together Through Life eit album som set klypa til tidleg og nekta å sleppe taket». Skribenten skildra det som «mørkt, men skapar likevel velvære».[14] Uncut og Blender gav begge albumet fem av fem stjerne og sa det «utruleg bra.» iF Magazine.com sa det «utforskar bluessida av dugleiken hans i ei lett, men herleg samling av ti originale songar.»

Versjonar endre

Albumet finst som ein enkel CD med berre dei originale songane til Dylan, og i ei tredobbel luksusutgåve med sjølve albumet, «Friends & Neighbors»-episoden av Theme Time Radio Hour, som er radioprogrammet til Dylan, og ein DVD med eit intervju med den første manageren til Dylan, Roy Silver (spelt inn for Martin Scorsese-dokumentaren No Direction Home, men ikkje nytta der).

Det finst òg ein dobbel LP-utgåve med dei same songane som på CD-utgåva. I USA vart CD-plata inkludert med vinylutgåva.

Innhald endre

Plate ein

All tekst er skriven av Bob Dylan og Robert Hunter, utanom der andre er nemnde; all musikk er komponert av Dylan.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Beyond Here Lies Nothin'» 3:51
2.«Life Is Hard» 3:39
3.«My Wife's Home Town»Willie Dixon, Dylan, Hunter4:15
4.«If You Ever Go to Houston» 5:49
5.«Forgetful Heart» 3:42
6.«Jolene» 3:51
7.«This Dream of You»Dylan5:54
8.«Shake Shake Mama» 3:37
9.«I Feel a Change Comin' On» 5:25
10.«It's All Good» 5:28

Då ein førehandstinga albumet frå iTunes, fekk ein i tillegg eit bonusspor, ein versjon av «Lay Lady Lay» som var frå ei øving i 1969.

Plate to
Theme Time Radio Hour: Friends & Neighbors
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Howdy Neighbor» (Porter Wagoner & The Wagonmasters)J. Morris 
2.«Don't Take Everybody to Be Your Friend» (Sister Rosetta Tharpe)M.Gabler, R. Tharpe 
3.«Diamonds Are a Girl's Best Friend» (T-Bone Burnett)L. Robin, J. Styne 
4.«La Valse de Amitie» (Doc Guidry)O. Guidry 
5.«Make Friends» (Moon Mullican)E. Mcgraw 
6.«My Next Door Neighbor» (Jerry McCain)J. McCain 
7.«Let's Invite Them Over» (George Jones & Melba Montgomery)O. Wheeler 
8.«My Friends» (Howlin' Wolf)C. Burnett, S. Ling 
9.«Last Night» (Little Walter)W. Jones 
10.«You've Got a Friend» (Carole King)C. King 
11.«Bad Neighborhood» (Ronnie & The Delinquents)Caronna, M. Rebennack 
12.«Neighbours» (The Rolling Stones)M. Jagger, K. Richards 
13.«Too Many Parties and Too Many Pals» (Hank Williams)B. Rose, M. Dixon, R. Henderson 
14.«Why Can't We Be Friends» (War)S. Allen, H. Brown, M. Dickerson, J. Goldstein, L. Jordan, C. Miller, H. Scott, L. Oskar 
Plate tre
Nr.TittelLengd
1.«Roy Silver – The Lost Interview (DVD)» 

Medverkande endre

Andre medverkande
Teknisk personell
  • David Bianco – innspeling, miksing
  • Eddy Schreyer - mastering
  • Rafael Serrano – lydteknikar
  • David Spreng – lydteknikar
  • Bill Lane – assisterande lydteknikar
  • Rich Tosti – assisterande lydteknikar

Salslister endre

Albumet debuterte på toppen av Billboard 200 og selde 125 000 eksemplar den første veka. Han gjekk til topps på Top Internet Album, Top Digital Album, Tastemaker, Top Rock Album og Most Comprehensive Album.

År Liste Plassering
2009 Australia (ARIA)[22] 5
Austerrike (Ö3 Austria)[23] 1
Belgia (Ultratop Flandern)[24] 3
Belgia (Ultratop Vallonia)[25] 13
Canada[26] 1
Danmark (Hitlisten)[27] 1
Nederland (GfK-lista)[28] 3
Finland (Suomen virallinen-lista)[29] 6
Frankrike (SNEP)[30] 9
Tyskland 2
Irland[31] 2
Italia (FIMI)[32] 6
New Zealand (RMNZ)[33] 3
Noreg (VG-lista)[34] 2
Spania (PROMUSICAE)[35] 4
Sverige 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[36] 2
UK Albums Chart[37] 1
U.S. Billboard 200[1] 1

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Irland (IRMA)[38] Gull 7 500x
Storbritannia (BPI)[39] Gull 100 000^
Verda over(IFPI)
1,000,000[40]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Caulfield 2009
  2. «Bob Dylan Beats the Enemy to Number One». NME.com. Henta 8. oktober 2010. 
  3. Lindsay, Andrew (4. mai 2009). «Bob Dylan’s first UK #1 in 39 years». Stereokill.net. Henta 8. oktober 2010. 
  4. Bob Dylan Talks About Working With Robert Hunter On 'Together Through Life'
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Flanigan 2009
  6. 6,0 6,1 Kreps 2009
  7. Heylin 2011, s. 838
  8. Heylin 2011, s. 837
  9. «Bob Dylan: Together Through Life». AnyDecentMusic?. anydecentmusic.com. Henta 13. juni 2018. 
  10. 10,0 10,1 Together Through Life by the Bob Dylan: Critic Reviews (Metacritic)
  11. Erlewine
  12. Phipps 2009
  13. Sheffield
  14. 14,0 14,1 Eccleston 2009
  15. duBrowa 2009
  16. Wolk 2009
  17. Christgau
  18. 18,0 18,1 Fricke 2009
  19. Paphides 2009
  20. Chadwicked 2009
  21. Jones
  22. Bob Dylan – Together Through Life (australian-charts.com)
  23. Bob Dylan – Together Through Life (austriancharts.at)
  24. Bob Dylan – Together Through Life (ultratop.be/nl)
  25. Bob Dylan – Together Through Life (ultratop.be/fr)
  26. «CANOE – JAM! Music SoundScan Charts». Jam.canoe.ca. 5. januar 2012. Henta 19. desember 2018. 
  27. Bob Dylan – Together Through Life (danishcharts.com)
  28. Bob Dylan – Together Through Life (dutchcharts.nl)
  29. Bob Dylan – Together Through Life (finnishcharts.com)
  30. Bob Dylan – Together Through Life (lescharts.com)
  31. «Ireland Albums Top 75 - Music Charts». Acharts.us. Henta 19. desember 2018. 
  32. Bob Dylan – Together Through Life (italiancharts.com)
  33. Bob Dylan – Together Through Life (charts.org.nz)
  34. Bob Dylan – Together Through Life (norwegiancharts.com)
  35. Bob Dylan – Together Through Life (spanishcharts.com)
  36. Bob Dylan – Together Through Life (hitparade.ch)
  37. «UK Albums Top 75 - Music Charts». Acharts.us. 8. januar 2012. Henta 19. desember 2018. 
  38. «Irish album salstrofé – Bob Dylan – Together Through Life». Irish Recorded Music Association. 
  39. «British album salstrofé – Bob Dylan – Together Through Life». British Phonographic Industry.  Enter Together Through Life in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  40. https://www.ntbinfo.no/pressemelding/nytt-album-fra-bob-dylan---fallen-angels---slippes-20-mai?publisherId=8931514&releaseId=10224567