Tolvstrengsgitar er ein gitar med tolv strenger i seks strengekor, der strengene er parvis stemte i same tone, men med ein oktavs avstand. Strengene er vanligvis arrangerte slik at den lysaste strengen i strengekoret står nedst. Standardstemminga for gitaren er elles som på ein ordinær gitar; E-A-D-G-H-E. Oppsettet gjev ein rikare og meir syngande lyd enn ein standard gitar.[1]

Tolvstrengsgitar

Tolvstrengsgitar frå Yamaha
Strengeinstrument
Klassifiseringgitar
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322, kordofon
Speleregister


Standard stemming
E2/E1-A2/A1-D3/D2-G3/G2-B3/B2-E4/E3

Avstanden mellom strengene i kvart kor er liten, og dei blir haldne nede samtidig som ei eining. Halsen på tolvstrengsgitarar er noko breiare enn på vanlege gitarar.

Historie endre

Opphavet til gitaren er ikkje heilt sikker,[2] men han er mest truleg avleidd frå meksikanske instrument som bandolón, guitarra séptima, guitarra quinta huapanguera og bajo sexto.[3]

På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var tolvstrengsgitarar rekna som kuriositetsinstrument i USA.[4] Gitaren blei ikkje ein del av blues eller amerikansk folkemusikk før på 1920- og 1930-åra, då den fyldige lyden deira[3] gjorde dei ideelle som akkompagnment for songarar som Lead Belly og Blind Willie McTell.[2] Seinare har han blitt brukt til nokre typar folk, rock, jazz og pop. Læresveinen til Lead Belly, Fred Gerlach, tok instrumentet inn i folkemusikken. I førstninga blei han hovudsakleg brukt til akkompagenment. Seinare på 1900-talet byrja fleire musikarar å spela soloar på instrumentet, som Leo Kottke, Peter Lang, John McLaughlin, Larry Coryell og Ralph Towner. Delta blues-gitarvirtuosen Robert Lockwood Jr blei gjeven ein handlaga akustisk tolvstrengsgitar av ein japansk instrumentmakar på slutten av 1960-talet, og hadde deretter dette som hovudinstrument.

Kjelder endre

  1. «Twelve String Power». frets.com. Henta 15. november 2015. 
  2. 2,0 2,1 «FRETS.COM». Frets.com. Arkivert frå originalen 6. mai 2018. Henta 6. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 See, Derek; "1930s Stella 12-String"
  4. «The Birth of the American 12-string Guitar by Gregg Miner». Harpguitars.net. Henta 19. april 2021.