Tom Sandberg
- Denne artikkelen handlar om kombinertløparen. For fotografen, sjå Fotograf Tom Sandberg.
Tom Sandberg (fødd 6. august 1955 i Mo i Rana) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar. Han vart verdsmeister i øvinga i 1982, og olympisk meister i same i 1984, vinnar av verdscupen i kombinert i 1984, dessutan verdsmeister i lagtevling i kombinert i 1984. Sandberg vann ni av ti norske meisterskap i kombinert i tiårsperioden 1975-84. Han representerte Mo Skilag.
Tom Sandberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. august 1955 (69 år) Mo i Rana |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Nordic combined at the 1984 Winter Olympics |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten, Nordland fylkes kulturpris |
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Tevla for Noreg | ||
Kombinert menn | ||
OL | ||
Gull | 1984 Sarajevo | K90/15 km |
Verdsmeisterskap | ||
Gull | 1982 Oslo | K90/15 km |
Gull | 1984 Rovaniemi | K90/3x10 km |
Sølv | 1982 Oslo | K90/3x10 km |
Verdscupen samanlagt | ||
Gull | 1984 |
Karriere
endreSandberg slo gjennom allereie som 18-åring då han vann kombinertrennet i Holmenkollen i 1974, same året fekk han sølv i junior-EM. Året etter vart han europameister for junior i Lieto og tok sitt fyrste av i alt ni senior-noregsmeisterskap i øvinga, med god margin til toaren Pål Schjetne.
I sin OL-debut i 1976 vart Sandberg nummer åtte i Innsbruck og beste nordmann. Same sesongen vart han nummer to i både Lahti og Svenska skidspelen, begge gongane slått av den sterke finnen Rauno Miettinen. Åra 1977-79 heldt han fram med å kome på pallen i dei store nordiske kombinerttevlingane, utan å gå heilt til topps.
Sandberg vart nummer fire under OL i Lake Placid. Under VM i Oslo i 1982 vann han den individuelle tevlinga etter ein spennande sluttspurt, der han kom i mål berre 0,2 sekund framom Konrad Winkler, og 0,9 sekund føre Uwe Dotzauer, begge frå Aust-Tyskland. I lagtevlinga kom Noreg på bronseplass, for laget tevla Hallstein Bøgseth, Espen Andersen og Sandberg.
Sandbergs store jubelår var 1984, då han vart olympisk meister i Sarajevo. Ein månad etter leikane sikra han Noreg VM-gull i lagtevlinga i kombinert i Rovaniemi, saman med Geir Andersen og Hallstein Bøgseth. Den same sesongen sigra Sandberg i verdscupen, fyrste sesongen verdscupen i kombinert vart arrangert.
Sandberg vart tildelt 'Nordland fylkes kulturpris' og Morgenbladets Gullmedalje i 1984. Tidlegare hadde han fått Olavstatuetten i 1982 og Holmenkollmedaljen i 1983.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1974: Vinnar i Holmenkollen
- 1975: Nr 12 i Holmenkollen
- 1976: Nr 2 i Falun og i Lahti, nr 3 i Holmenkollen. Nr 8 i vinter-OL i Innsbruck
- 1977: Nr 3 i Falun
- 1978: Nr 2 i Falun og nr 3 i Holmenkollen. Nr 7 ski-VM i Lahti
- 1979: Nr 2 i Falun
- 1980: Nr 4 i vinter-OL i Lake Placid
- 1981: Nr 12 i Holmenkollen
- 1982: Gullmedalje under ski-VM i Holmenkollen, bronse i lagtevlinga
- 1983: Nr 2 både i Lahti og i Holmenkollen.
- 1984: Gullmedalje under vinter-OL i Sarajevo, verdscupsiger i Štrbské pleso, nr 2 både i Falun og i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1974: Bronsemedalje i Selbu
- Ski-NM 1975: Gullmedalje i Rælingen
- Ski-NM 1976: Gullmedalje på Fåvang
- Ski-NM 1977: Gullmedalje på Vang, bronsemedalje i normalbakken same staden
- Ski-NM 1978: Gullmedalje på Konnerud
- Ski-NM 1979: Gullmedalje i Steinkjer
- Ski-NM 1980: Gullmedalje i Asker
- Ski-NM 1981: Nr 6 i Rælingen
- Ski-NM 1982: Gullmedalje på Raufoss
- Ski-NM 1983: Gullmedalje i Mo
- Ski-NM 1984: Gullmedalje i Hof
- Ski-NM 1987: Nr 8 på Vang
- Ski-NM 1991: Nr 7 i Misvær
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Tom Sandberg i fis-ski.com