Opna hovudmenyen

Tomasmesse den 21. desember er ein merkedag som opphavleg vart feira til minne om apostelen Tomas, som var apostel i India og som lei martyrdøden omkring år 70.

Dette har vore ein viktig dag i norsk folketradisjon, sidan han fell ved vintersolkverv. I eldre tid vart julefreden lyst tomasmessedagen, og varte til over trettande dag jul. Dagen er også kalla «Tomas bryggjar» – dette var dagen skulle juleølet vere ferdig brygga.

Primstavmerket for dagen er ein kross eller ei hand med rake fingrar; fingrane tvilaren Tomas la i Jesu sår.

KjelderEndra