Tom ved Ob
(Omdirigert frå Tomelva)
Tom (russisk Томь) er ei elv i Khakasia, Kemerovo og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 827 km lang og har eit nedslagsfelt på 62 000 km². Elva har ei middelvassføring på 1100 m³/s eller 35 km³ per år.
Tom | |||
elv | |||
Tom ved Tomsk
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 62 000 km² | ||
Lengd | 827 km | ||
Middelvassføring | 1 100 m³/s | ||
Kjelde | Abakanfjella | ||
Munning | Ob | ||
Tom ved Ob 53°39′05″N 89°45′50″E / 53.6513°N 89.7638°E | |||
Wikimedia Commons: Tom River |
Elva har utspring i Abakanfjella, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella, og renn nordover gjennom Kuznetsksenkinga. Ho munnar ut i Ob rundt 50 km nord for Tomsk.
Dei største byane langs Tom er Mezjduretsjensk, Novokuznetsk, Kemerovo, Jurga, Tomsk og Seversk.
Dei største sideelvane hennar er Aba, Bel-Su, Kondoma, Mras-Su, Nedre Ters, Midtre Ters og Øvre Ters, Tutujas og Usa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Томь (приток Оби)» frå Wikipedia på russisk, den 26. oktober 2008.