Det polsk-litauiske samveldet
(Omdirigert frå Tonasjonsrepublikken)
Det polsk-litauiske samveldet var ein føderal monarki-republikk samansett av Kongeriket Polen og Storfyrstedømet Litauen i 1569 som eksisterte til 1795.
Rzeczpospolita Obojga Narodów (pl) Abiejų tautų respublika (lt) Det polsk-litauiske samveldet | ||||
Anna namn | «Tonasjonsrepublikken», på polsk Rzeczpospolita Obojga Narodów; på litauisk Žečpospolita; på latin Regnum Serenissima Poloniae; på kviterussisk Рэч Паспалі́тая | |||
| ||||
---|---|---|---|---|
Motto Si Deus Nobiscum quis contra nos (latin Om Gud er med oss, kven er då mot oss) Pro Fide, Lege et Rege (latin: For tru, rett og konge, sidan 1700-talet) | ||||
Utstrekkinga til Det polsk-litauiske samveldet då det var på det største | ||||
Hovudstad | Kraków fram til 1596, Warszawa (delt med Grodno frå 1673) | |||
Språk | latin, polsk, ruthensk og andre | |||
Religion | Romersk-katolsk, ortodoks, protestantisme (i vest), jødedom, islam (hovudsakleg tatarar og tyrkarar i sør) | |||
Styreform | Monarki | |||
Konge av Polen | Liste | |||
Storhertug av Litauen | Liste | |||
Lovgjevande forsamling | Sejmen | |||
Historie | ||||
- Unionen oppretta | 1. juli 1569 | |||
- 1. delinga | 5. august 1772 | |||
- 3. mai-konstitusjonen | 3. mai 1791 | |||
- 2. delinga | 23. januar 1793 | |||
- 3. delinga | 24. oktober 1795 | |||
Areal | ||||
- 1582 | 815 000 km² | |||
- 1618 | 990 000 km² | |||
Innbyggjarar | ||||
- 1582 est. | 6 500 000 | |||
Folketettleik | 8 /km² | |||
- 1618 est. | 10 500 000 | |||
Folketettleik | 10,6 /km² |
Samveldet var eit framhald av Den polsk-litauiske unionen som var ein personalunion mellom dei to statane. Unionen hadde eksistert sidan 1386. Samveldet var eit av dei største i Europa og stod mot åtak frå krossriddarordnane, mongolane, Russland, Det osmanske riket og Sverige i over to hundre år. Til sist vart landområdet oppdelt i tre steg mellom Tsar-Russland, Preussen og keisarriket Austerrike. I 1795 var heile landområdet delt. Polen og Litauen vart fyrst sjølvstendige statar att etter fyrste verdskrigen i 1918.
Kart over grensene til ulike tider
endre-
Størst flatevidd (kring 1630)
-
Tap fram til 1686.
-
Den fyrste delinga (1772)
-
Den andre delinga (1793)
-
Den tredje delinga (1795). Polen var ikkje lenger eigen stat.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Det polsk-litauiske samveldet
- Commonwealth of Two Nations Resource Page Arkivert 2005-11-09 ved Wayback Machine.